Aam er ikkje glad for at det har vore plussgrader i mest heile desember. Korkje skisenteret i Ørsta eller skisenteret i Volda har hatt ein einaste opningsdag i vinter, og langtidsvarselet kan heller ikkje love snø eller minusgrader i tida framover.

– Det er litt trist når vi ligg i startgropa med ny trakkemaskin, utvida område og alt det tekniske i orden. Vaktlister og heile apparatet står klart, seier Aam.

– Framleis tidleg

Han håper likevel på at ein vil få ein brukbar skisesong også denne vinteren.

– Vinteren kan ein ikkje gjere noko med. Likevel har eg tru på at vi får snø i januar og februar, slik som alle andre år. Det er framleis tidleg på vinteren, og sjølv om det ser dårleg ut for desember, har vi både januar, februar og mars. Men det er litt trist slik det er no.

For varmt for kunstsnø

Før jul i fjor var det også lite snø i Ørsta og Volda. Men det var minusgrader i fleng. Då vart snøkanonane på Bondalseidet redninga. Heftig snøproduksjon gjorde at anlegget kunne opne i midten av desember. Det har det ikkje vore råd å gjere i år.

– Ein må ha tre-fire minusgrader for å produsere kunstsnø. Vi prøvde snøkanonane så vidt ei natt, men så vart det mildvêr att. Får vi fire dagar med minusgrader, skal mykje vert gjort, seier Aam. Han legg til at dei har reforhandla ein ny og grei avtale om vassforsyning frå grunneigarane, så å skaffe nok vatn til produksjonen er ikkje eit problem.

– Korleis går det med sesongkortsalet når markane er grøne?

– Vi har selt sesongkort til kampanjepris fram til no. Det har gått rimeleg bra, men det er ikkje til å kome unna at det hadde vore betre sal om vi hadde hatt snø i desember.

Volda skisenter

I Volda er stoda likeins som i Ørsta. Grasstråa stikk opp av det centimetertynne snølaget i skibakken, og begge trekka står stille.

– Vi håper snøen kjem snart. Eg kjende det var kaldare ute måndag, så kanskje er det håp, seier driftsleiar Alf Henning Ervik på Volda skisenter.

– Kor mykje snø må til for å opne skisenteret?

– Det må vere slik at vi får køyre trakkemaskinene. Det er ønskjeleg med 30–40 cm, men vi greier å trakke på 20 cm. Elles er vi klare for opning, seier han.

I motsetnad til Ørsta skisenter, er Volda skisenter prisgitt naturleg snøproduksjon frå oven. Ervik medgir at det til tider hadde vore fint å ha snøkanonar.

– Når det er kaldt, har det vore ønskjeleg med kunstsnø. Det har vore diskutert, men det vert litt for dyrt. Ein treng mykje vatn til å drive det, seier han.