Den sterke vinden i Sør-Noreg har skapt store utfordringar på flyplassane fredag. Fleire store flyplassar, mellom anna Vigra, har måtte stengje rullebanene på grunn av vinden. Dette har skapt problem som har forplanta seg vidare i flytrafikken.

På Ørsta/Volda lufthamn, Hovden kom ikkje flya inn seint torsdag kveld på grunn av vêret. Desse flya skulle stå natta over, så dermed vart morgonflya til Oslo og Bergen kansellert.

– Vidare vart flya som skulle kome inn klokka 09.08 og 10.47 kansellert på grunn av sterk nordvestvind, opplyser kommunikasjonssjef for nasjonale, regionale og lokale lufthamner i Avinor, Gurli Høeg Ulverud.

Ut over ettermiddagen er det håp om at flytrafikken kan gå som normalt att.

– Det ser litt betre ut no. Neste fly klokka 12.48 er planlagt å gå som normalt. Men det kan fort skje endringar om det kjem mykje snø. Kombinasjonen av snø og veldig sterk vind har vore veldig utfordrande, seier Ulverud.

Sjekk om flyet er i rute her.

Innstilte fly på Ørsta/Volda lufthamn