No vert det igjen opp til kvar enkelt å vurdere risiko for brann ved bruk av open eld ute.

Volda brann og redning oppmodar alle til å bruke fornuft og syte for at bålbrenning og anna bruk av open eld vert gjort på ein stad og slik at det ikkje er fare for spreiing.

- Vind kombinert med tørt ver kan føre til at brannfaren aukar. Vert situasjonen utrygg att må ein unngå bruk av open eld og heller kose seg på andre måtar, melder dei.