Petter Bjørdal viste til at kommunen no gjennom ein aksjeemisjon spyttar inn pengar for å halde liv i den tidlegare komfyrfabrikken som har vorte ei hovudpine for kommunen som majoritetseigar.

Dårleg butikk

Rekneskapen for 2011 syner at å eige Mosflata Næringsbygg er alt anna enn god butikk: Driftsinntektene for 2011 var 455.000 kroner, medan årsresultatet var på minus 2, 7 millionar.

Resultatet for i fjor skal også vere raudt så det held. Eigarane betalar kvart år fleire hundre tusen kroner i renter og avdragskostnader på bygget som er eigd av Ørsta kommune 54.55 % og Sparebank 1 Søre Sunnmøre (45.45 %).

I ein situasjon der kommunen skjerer ned kraftig, og samtidig betalar mykje for å halde eigedomsselskapet gåande og bygget ved like, er det no, ifølgje ordføraren, sett inn ein offensiv for å få selt bygget. Det har vore lyst ut til sals lenge. Sjølv om det ikkje har vorte noko sal, har det vore interesse for bygget, også når det gjeld leige.

– Nokre har ønskt langtidsleige på delar av bygget. Dette er problematisk i ein situasjon der ein ønskjer å selje bygget, seier Rune Hovde.

Han gjer det klart: – Kommunen vil ikkje vere i den situasjonen ein no er i og vi vil snarast selje bygget og ha drift i det.

Framtidig eigarskap

Kommunestyret vedtok emisjonen på eit lukka møte, men samtidig ber kommunestyret om at det på neste møte vert lagt fram ei sak om framtidig eigarskap av næringsbygget.

– På den måten får kommunestyret ein skikkeleg gjennomgang av selskapet og stoda, seier ordføraren.