I kommunestyret 3. oktober vart det referert eit brev som bygdeutvala sende til kommunen i august i år. Der spør dei om kva som skjer med vedtaket frå 13. desember i fjor, der Ørsta kommunestyre vedtok at det skal verte bygd ny ungdomsskule på Vartdal.

Får ikkje lån

– Vi må kome vidare i denne saka. Vi kan ikkje skubbe den framfor oss, sa Hans Olav Myklebust (Frp) frå talarstolen.

Rådmann Wenche Solheim seier at folk må smørje seg med tolmod.

– Meldinga er heilt klar frå fylkesmannen. Vi får ikkje låne pengar så lenge vi er i Robek. Vi kan ikkje starte bygging på Vartdal per i dag, slik eg ser det.

Solheim meiner det vil vere klarare kva midlar kommunen har til rådevelde når budsjettet for 2014 er klart.

Signe Turid Barstad (SP) minte om at det er sett av prosjektmidlar, og stilte spørsmål ved kvar desse pengane er.

– Desse kan også forskyvast til 2014 når vi har betre oversikt. Der er laga eit skisseprosjekt, og det er fort gjort å få ein arkitekt, men det kan vere vekkasta om vi ikkje får bygd neste år. Då må vi kanskje til med ei ny prosjektering, for ting går ut på dato, svara Solheim.

Må ta grep

Per Are Sørheim (H) seier utfordringane er store både for skulane og for andre område i kommunen, og han bad Hans Olav Myklebust om å realitetsorientere seg.

– Vi er stilt i spissen for å rette opp økonomien. Før den er retta opp greier vi ikkje å løyse dei utfordringane som ligg der. Der er eit par parti som verken vil kutte kostnader eller auke inntektene, og det er dei same som stiller desse spørsmåla. Vi kjem ikkje ut av dette utan kraftige grep, og eg håper flest muleg parti vil vere med på den dugnaden det vil vere å setje budsjettet dei neste månadene.

Inge Kolås (Frp) har tidlegare foreslått eit offentleg/privat samarbeid (OPS) for å kunne bygge ny ungdomsskule på Vartdal.

– Kanskje har vi tid til å greie ut denne løysinga nærare no, og kanskje kan vi oppmode dei private om å engasjere seg langs Vartdalsstranda.

Rune Hovde (H) er ikkje begeistra for det.

– Du vart nedstemt den gongen. OPS vil vere som ei langsiktig leigeavtale og hamne under same kammen som det vil vere å ta opp nye lån. Vi har måla oss opp i eit hjørne og fylkesmannen har låst oss fast der. Det er greitt at dei fortel oss at vi må ordne opp i dette så vi kjem oss ut av det. Det er ikkje kjekt, men vi må ta grep. Vi har starta, og vi skal kome oss ut av det, men vi må halde trykket heilt i mål.