Etter ynske frå mange ørstingar som er plaga med brunsniglar vil Hagelaget starte sal av Nemaslug.

– Er du av dei som hadde mange brunsniglar i hagen i fjor, så er tida komen for å sjå om dei har byrja å vakne etter vinteren, seier Marita Egset i hagelaget.

Nemaslug er ei nematode som går berre på brunsniglar. Den dreg med seg bakteriar som tek livet av brunsniglane og er heilt ufarleg for menneske og dyr. Den verkar ikkje på dei vanlege gråsniglane og svart skogssnigel. Den gjer heller inga skade på naturen. Så dette er heilt trygt i bruk, opplyser Egset.

– For å starte behandlinga må du ha samla ein god del sniglar. Det er lurt å samle dagen før behandlinga. Ha dei i ei tett boks så er du klar, du treng ikkje ta med sniglane til salsstaden. Det er viktig at behandlinga blir tatt igjen med gjevne mellomrom for å få ein god effekt. Så denne sesongen startar vi sal 14. Mai, og kvar 14. dag utover sommaren.

Pris pr l. nemaslug er kr 30. – Ta med deg eigna kar for å ha det i (flaske). Det er ferskvare så det må brukast opp på kort tid. Brukarrettleiing får du med. Det er viktig å fylgje den for å få godt resultat, seier Egset.

Tysdag 14. mai kl. 19 vil hagelaget stå ved rådhuset for sal av nemaslug. Neste gong blir 28. mai.

– Vi håper at mange vil delta i sniglekrigen slik at vi får redusert og kanskje bli heilt kvitt plaga.