Utbygginga vil truleg få ein prislapp på over 22 millionar kroner.

– Ørsta kommune har, til liks med svært mange andre kommunar ein stram økonomi, og vil vere avhengig av statstilskot som medfinansiering for å realisere ei utviding av kaia og utvikle den til tømmerterminal og fleirbrukskai, seier rådmann Wenche Solheim og stabsleder for plan og utvikling, Eldar Rune Øye i søknaden.

Forlengje med 85 meter

Kaia har i dag ei lengde på 95 meter og ei djupne på 10,5 meter ved lågvatn, noko som gjer at det ikkje er avgrensande for båtstorleik.

Tanken er å lengje kaia med 85 meter kaifront austover. Samla flate vert då 8.000 kvadratmeter. Det inneber at om lag 6.000 kvadratmeter er tilgjengeleg for tømmer på kaifront og baklager. Å få betre plass til tømmeret i front vil kunne spare tid og pengar ved utskiping.

Ørstaterminalen er ei kommunalt eigd kai som er drifta av Vik Ørsta. Utbygginga vil inkludere faste installasjonar for utskiping av tømmer, men kaia vil vere open for alle konkurrerande aktørar.

Auke i hogsten

Kommunen viser også til at det i dei komande åra vil verte ein sterk auke i hogsten. Særleg i Ørsta, men også i nabokommunane rundt.

– Ørsta var den første kommunen som utarbeidde planar for intensiv skogplanting, og vil difor vere først i løypa når haustinga no skal starte.

Dei viser også til at orkanen Dagmar har ført til at det har vorte bygd fleire nye skogsbilvegar som legg tilhøva til rette for eit aktivt og berekraftig skogbruk i tida framover.

Den førebelse kalkylen viser at utbyggingskostnadene kjem på 22 millionar kroner. Av dette søkjer kommunen om 16 millionar frå Statens landbruksforvaltning, tre millionar frå Møre og Romsdal fylkeskommune, to millionar frå kommunen og ein million frå andre.