Tom Stadeløkken er tilsett i Enøk-senteret og vil halde til i den nye avdelinga i Næringshagen i Vågåmo.

I fjor tok Nordplan over eigarskapen over Enøk-senteret frå Tussa, og ekspanderer Enøk-senteret.

– Vi opprettar avdelingskontor på Vågå. Bakgrunnen er at vi er eigd av Nordplan og dei har eit avdelingskontor der. No var det tilgjengeleg kompetanse i Gudbrandsdalen som var interessant for oss. Denne kompetansen vil vi bruke i Gudbrandsdalen, men også internt i selskapet, seier dagleg leiar Paul Rune Ingebrigtsen.

– Generelt så er Vågå og Norddalen eit veldig viktig område for oss i Nordplan. Der har eit godt grep om marknaden og halde på lenge., seier dagleg leiar Arne Steinsvik i Nordplan.

Frå før er Enøk-senteret etablert i Hovdebygda og i Ålesund.

– Vi utvidar no staben frå sju til åtte tilsette. Vi satsar på å kunne ta marknaden der nede, og i utgangspunktet er der ingen andre i Norddalen som arbeider med det vi arbeider med, seier Ingebrigtsen.