smp.no. Ørstingen køyrde bil i fylla sjølv om han ikkje hadde lappen, i følge ein dom. Og etter å ha vore involvert i eit trafikkuhell let han vere å stoppe. Så runda han av dei heile med å fornærme ein offentleg tenestemann, skriv Sunnmørsposten.

Dette skjedde i Ålesund i august i år.  Først var han involvert i ein kollisjon i rundkøyringa i Vegsund. Utan å stanse for å oppgi personalia og med skader både i fronten på bilen og på sida framme, køyrde han frå staden.

Kort tid etter vart bilen filma ved symjehallen på Moa, og ikkje lenge etter var den parkert utanfor ein bilverkstad i nærleiken.

Då politiet kom oppsto det ein situasjon der mannen ifølge ein dom i Sunnmøre tingrett både var kverulerande overfor politiet og med makt forsøkte å ta mobiltelefonen frå ein polititenestemann. Denne hadde han tidlegare gitt til politimannen.

– Ikke skuldig

I Sunnmøre tingrett nekta mannen straffskuld  og hevda at han ikkje hadde drukke alkohol verken ulykkesdagen eller dagen før. Vidare nekta han for at det var han som køyrde bilen under kollisjonen, så vel som på Moa.

Han forklarte mellom anna  at han har gjort eit inngrep som gjer at derom han til dømes et sild om morgonen, så kan det føre til at etanol kan  verte påvist i blodet hans, sjølv om han ikkje har drukke alkohol.

Hadde promille på 1,41

Blodprøver tatt av mannen rundt to timer etter trafikkuhellet viste ei promille på 1,41, og dommen er knusande.

– Tiltalte kjørte bil vel vitande om at han ikkje hadde gyldig førarkort, og køyrde av garde utan å stanse etter sammenstøyten med varebilen, heiter det i dommen.

Og straffa? 30 dager i fengsel, ei bot på 12.000 kroner, 5.000 kroner i sakskostnader samt to års sperrefrist for retten til å erverve førerrett.

Saka er først publisert i Sunnmørsposten. smp.no