Like før klokka 14 laurdag ettermiddag melde 110-sentralen i Møre og Romsdal om bilbrann i Sætrebakkane i Ørsta. Ørsta brann og redning rykka ut til brannen, og fekk raskt kontroll då dei kom fram til staden.

Ifølgje 110-sentralen hadde eigaren av bilen gjort ein kjempejobb med å få den brennande bilen ut av garasja og dempe flammande før brannvesenet kom fram til staden.

- Brann kunne fort ha utvikla seg til ein større bygningsbrann, skriv 110-sentralen på twitter.