Laurdag ettermiddag kolliderte to bilar i Ørsta, opplyser politiets operasjonssentral på Twitter.

Ingen personar vart skadde i kollisjonen.

Politiet har fått opplysningar om at det eine køyretøyet kom over i feil køyrefelt, og at dette var årsaka til kollisjonen. Føraren av den eine bilen fekk førarkortet beslaglagt og blir meld etter hendinga.