Følgjande får tilskot:

- «Vardetun» (Steinnes/Sørheim grendalag) 10.000 kroner.

- Follestaddalen samfunnshus 10.000 kroner.

- «Varden», Nordre Vartdal 5.000 kroner.

- Kunsthuset (Volda og Ørsta Kunstlag) 15.000 kroner.

- Kapteinskvia (sanitæranlegg), Sæbø Grendalag 20.000 kroner.

- Ørsta Bedehus 10.000 kroner.

- Sæbø Bedehus 5.000 kroner.

- Bjørdal Grendahus 5.000 kroner.

- Åmdal IL – klubbhuset 10.000 kroner.

- «Haukly», Skjåstaddalen frilynde U.L. 10.000 kroner.

Hjartebarn

– Mitt hjartebarn er kultur, og eg vil gjerne at dei skal få meir. Eg veit at mange forsamlingshus skrik etter rehabilitering. Eg håper at vi alle kan gå tilbke til våre parti og tenke litt meir kultur, sa Magne Jonny Krumsvik (Frp).

– Skal vi gi meir, må vi også sette av meir pengar. Eg synest denne fordelinga er god, sa Fredrik Christian Langlo (H).

– Dette er gode pengar for dei som får. I fjor hadde vi 34.000 kroner å fordele. Dette har auka no til 100.000. Vi har aldri hatt sjans til å hjelpe med meir enn vi kan no, kommenterte kulturrådgjevar Jostein O. Mo, som har handsama søknadene. Alle ti søkjarar har fått positivt svar.

Det har tidlegare år vore brukt ei slags «venteliste» i den meining at dei som har fått tilskot før eller søkt oftare enn andre, i nokre høve har gitt prioritert plass over til nye eller sjeldnare søkjarar. Dette kjem også til uttrykk i tilrådinga i år. Kunsthuset/kunstlaget og Kapteinkvia er nye søkjarar og er vurdert spesielt, står det i sakspapira.