– Mange har kontakta meg og fortalt at dei får problem med å få feriekabalen til å gå opp, fortel Unn Frøland (Sp).

Ho har sendt brev til ordførar Rune Hovde og rådmann Wenche Solheim i Ørsta kommune med spørsmål om feriestenginga.

Stengt i fellesferien

Ho meiner å huske frå tidlegare at då det vart gjort vedtak om å feriestenge barnehagane i to veker, var dette oppe som eiga sak i kommunestyret.

– Men no har ikkje dette vore eit tema. Eg undrar meg over at dette ikkje har vore oppe i kommunestyret då eg ville tru at dette medførte ei vedtektsendring, seier ho.

I dagens vedtekter står det at kvar av dei kommunale barnehagane skal halde stengt to veker av sommaren. Vidare at barnehagetilbodet gjeld alle yrkedagar med unntak av dagar mellom jul og nyttår, i påskeveka og tre veker i skuleferien. Desse tre vekene har det til no i stor grad vore opp til foreldre og føresette sjølve å planlegge.

I år må dei rette seg etter at dei kommunale barnehagane stengjer frå måndag 7. juli til måndag 4. august.

Betalar for 11 månader

Kommunen tek betalt for barnehageplassen for 11 månader i året. Ved å feriestenge barnehagane i fire veker om sommaren, i tillegg til å halde stengt juleveka og i påska, vert dette over fem veker til saman.

– Dermed betalar foreldra for meir enn dei får tilbake. Eg har høyrt frå dei som seier at dei vurderer å krevje pengar tilbake for den ekstra veka dei betalar for.

Stoppar samfunnet

Frøland seier at om ein av barnehagane kunne vere open i to av dei fire vekene, så ville dette ha løyst krisa for mange. Ho meiner det må vere viktig å ta omsyn til brukarane av dei kommunale tenestene, og at dei får medverknad på avgjersler som er viktige for dei.

– Barnehagen er ein viktig institusjon i dagens samfunn, og vi kan ikkje forvente at alt skal stoppe opp i fire veker kvar sommar.

Lovleg?

Frøland stiller også spørsmål ved kva kommunen sparer på feriestenginga, og ber om svar på dette. Også lovlegheita av vedtaket vil ho ha på bordet.

– Eg vonar at de vil sjekke opp dette med vedtektsendring snarast slik at vi kan vere sikre på at dette går rett føre seg, skriv ho til ordførar og rådmann.