Det er tilrådinga til samferdselsutvalet etter at saka har vore på høyring. I høyringa sa Vanylven og Ørsta kommunar ja, medan Volda sa nei.

Dei to kan vanskeleg sjå for seg at fylkeskommunen kan ta investeringskostnaden på om lag 70–90 millionar kroner for ein ny ferjekai dei næraste ti åra.

– Vegvesenet tilrår derfor ikkje at ein brukar ressursar på vidare planarbeid og samfunnsøkonomiske vurderingar før ein ser at det kan vere muleg å realisere prosjektet. Fylkesrådmannen meiner at dette prosjektet vil vere eit av dei prosjekta som ligg på vent, og som ein kan starte planlegging av dersom ei samla vurdering av ressurs situasjonen skulle tillate det, heiter det i tilrådinga.

– Dersom ein i arbeidet med å utarbeide ein ny ferjestandard for Møre og Romsdal ser at det vil vere viktig å få avklart dei framtidige ferjestrekningane i fylket, vil vi kome tilbake til dette prosjektet, seier samferdselssjefen og fylkesrådmannen i tilrådinga.