Volda Røde Kors Hjelpekorps får 100.000 kroner til drenering av Røde Kors Huset.

Det er stiftinga UNI som gjev gåva.

- Det er no behov for drenering rundt Røde Kors-huset, samt nye avløp og nedløp for takrenner for å hindre skadar på Røde Kors-huset ved store mengder nedbør. I tillegg ønskjer ein å felle eit stort tre i hagen for å unngå skadar viss det skulle velte ved sterk vind og uvêr, seier UNI.

Lærarskulen

Engeset skule vart bygt i 1897 og var i bruk som del av lærarskulen i Volda. Ny skule vart teke i bruk i 1922,  og Engeset skule vart i 1923 overteken av kommunen som nytta den som folkeskule fram til 1961, då ny skule vart bygt på Røysbakkflata, og Volda Røde Kors fekk overta den. Skulebygningen er i dag framleis slik den var bygd i 1897.

- Volda Røde Kors Hjelpekorps er eit aktivt hjelpekorps med ca. 50 aktive medlemmer som har stor fokus på søk og redningsaksjonar. I løpet av eitt år deltek korpset på 15–20 søk. Hjelpekorpset har også ei skredgruppe som er ei ressursgruppe ved skredulykker i området frå Sognefjorden til Trøndelag, og gruppa samarbeider tett med luftambulansen og redningshelikopter, seier UNI.

Det er ei ålmennyttig stifting som gjev økonomisk støtte til tiltak som vernar menneske og fortidsminne. Stiftinga sitt ideelle føremål er å fremje ålmennyttig verksemd innan skade- og miljøvern.