Det ligg no føre statistikk som viser kor mange frå Ørsta og Volda som kjøpte heilt ny bil i fjor. Ein ny tyskar toppar i Ørsta.

Det er Opplysningsrådet for Veitafikken AS (OFV) som har oversikta over kva bilmerke som er blitt seld.

I Ørsta kommune var det 179 splittar nye personbilar som rulla ut på vegane for fyrste gong i fjor. I Volda kommune var det 95 heilt nye bilar på vegane.

Mest pop i Ørsta

Det betyr at mengda nybilkjøp har gått tilbake både i Volda og Ørsta kommunar det siste året. Nærmare bestemt har det vore ein reduksjon på 14 prosent i Ørsta og 17 prosent i Volda. Høvesvis 30 og 20 færre bilar.

Opel Mokka har flest selde i Ørsta, og vi kan dermed kåre den nye tyskaren til vinnar i Ørsta for 2013. Det var 25 utgåver av denne som bokstavleg talt fann vegen til Ørsta – noko som gir den ein marknadsdel på heile 14 prosent blant nybilane her. På plassane bak finnar vi Honda CR-V med 17 selde, og Nissan Qashqai og VW Golf med elleve nye bilar kvar.

Det er Nissan Qashqai og Hyundai i30 som toppar listene i Volda, då det var seks eksemplar kvar av dei som fekk eigarar der. Dette er ein marknadsdel på 6,3 prosent her. Deretter følgjer Toyota Yaris med fem eksemplar.

Auke i Noreg

På landsbasis blei det totalt selt 142.151 personbilar i fjor. I 2012 gjekk det ut 137.967 nye bilar, noko som betyr at salet har auka med tre prosent i Noreg.

Volkswagen Golf vart vinnaren på landsbasis. Så mange som 7.366 eksemplar rulla ut frå nybilforretningane i Noreg i fjor, og dette er langt framfor Toyota Auris med sine 4.818 utgåver. Meir enn kvar tjuande nye bil i Noreg er eit VW Golf. Elbilen Nissan Leaf sikra seg ”nybilbronsen” i Noreg i fjor.

Møre og Romsdal

Totalt blei det selt 6.133 nye bilar til folk og bedrifter med adresse i ein av kommunane her i Møre og Romsdal. Året før var det 6.558 selde, noko som altså betyr ein nedgang på 6,5 prosent.

I Møre og Romsdal er det også VW Golf som tronar øvst med sine 292 selde bilar. Deretter følgjer Toyota Yaris med 269 eksemplar, og Mazda CX-5 med 264.

Topp 20 i Ørsta

Opel Mokka  25

Honda CR-V     17

Nissan Qashqai  11

Volkswagen Golf  11

Nissan Leaf   6

Mazda CX-5   6

Toyota Auris 5

Opel Astra  5

Toyota RAV4  4

Volkswagen Tiguan 4

Honda Civic  4

Opel Adam  4

Honda Jazz 3

Toyota Prius  3

Peugeot 4008  3

Ford Focus 3

Ford Kuga  3

Nissan Juke 3

Opel Insignia 2

Opel Zafira  2

2013. Kjelde: OFV