Dugnadsånda er stor på opplæringssenteret. Nasjonalitetar som Eritrea, Etiopia, Iran og Somalia er representert blant dei som ønskjer å gå som bøsseberarar førstkommande søndag. Dei fortel alle at dei kjenner seg godt igjen i temaet for årets aksjon, nemleg tilgangen på reint vatn, eller rettare sagt mangelen på det. Dei ønskjer å hjelpe andre som er i situasjonen dei sjølv ein gang var i.

– Visst aldri om vi ville leve ein dag til

28 år gamle Shukri Mahamud Abdulle er frå Mogadishu i Somalia, og kom åleine til Noreg for 3 år sidan. Ho fortel sterke historier frå heimlandet.

– Eg vet korleis det er å vere redd. Det er veldig, veldig vondt å leve i eit land kor det er krig. Vi viste aldri om vi ville leve ein dag til. Familien min er framleis i Mogadishu, og eg er redd for dei kvar dag. Eg håper at det ein dag vil verte fred i heimlandet mitt, slik at eg kan reise tilbake til dei, seier Shukri.

Stort behov for vatn

Somalia er eit av åtte mottakarland som inntektene frå årets TV-aksjon skal gå til. Shukri fortel at behovet for tilgang på reint vatn er stort.

– Folk vert sjuke av å få i seg dårlig vatn og mange kvinner og barn vert misbrukt når dei må gå langt for å hente vatn. Barn får heller ikkje tid til å gå på skule. Kvifor er det alltid damene som får ansvar for å hente vann, spør ho.

– Det er ein veldig dårlig tradisjon. Eg vil at kvinner også skal ha mulegheit til jobb og utdanning.

Mange har meldt seg

Dugnad har vorte eit inngrodd norsk ord som ikkje utan vidare lar seg omsetje. Menneska på opplæringssenteret hadde derimot ingen bekymringar med å melde seg til det som vert kalla verdas største dugnad. Heile åtte stykke har så langt meldt seg som bøsseberarar til årets aksjon, og fleire viste interesse mens vi var på besøk.

– Om ikkje nokon går med bøsser så vert det ingen pengar. Det er vår måte å hjelpe andre på. Vi gir litt av hjertet vårt slik at det kan verte noko stort. Éin person kan ikkje klare det åleine, men om vi går saman vert vi sterke! Seier ein av dei kommande bøsseberarane.

– Vi vil gå med bøsse fordi det berører så mange. Vatn gjer at menneske held seg sterke og friske. Folk i Noreg er veldig heldige. Om du ikkje har vatn, har man ikkje liv, seier en dame frå Eritrea.

Øving

Regionskoordinator i Kirkens Nødhjelp, Bente Hjertenæs demonstrerer under møtet korleis dei skal snakke med folk når dei går med bøsse. Latteren sitt laust mens det vert øvd på å dei vanskelege frasane.

– Også må vi hugse å alltid smile, seier Bente.

Ved å sjå rundt på dei smilande andleta, ser ikkje det ut til å skulle vere eit bekymringsverdig problem.

– Men kva om bøssa vert full? Spør ein av dei kommande bøsseberarane.

– Då får vi ta fram bøtta er svaret ho får frå sidemannen.