For mange er dei siste dagane inn mot jul forbunde med stress før ein kan senke skuldrene og la julefreden søkke inn. Med helgefri nytta mange høvet laurdag til å kome i mål med julegåvehandelen. To som ikkje stressa med handelen var Oddbjørg Oline Guldbrandsen og Anniken Guldbrandsen.

– No er det berre nokon småting som skal på plass. Ein kan halde på med julegåvene heile året, og då slepp ein å stresse inn mot jul, seier Oddbjørg.

– Ein kan eigentleg starta januar når det er sal, seier Anniken.

– For meg kan ein vente til etter jonsok, då er det den riktige tida å starte opp, seier Oddbjørg.

Det at det meste av julehandelen var ferdiggjort skyldast god planlegging ifølgje dei to.

– No kan vi berre kose oss med å gå litt rundt i butikkane, seier Oddbjørg.

– Ved å planlegge godt så slepp ein også å bruke veldig mykje pengar i tida før jul, seier Anniken.

– Julefreden har senka seg allereie?

– Eg vil påstå det, seier Oddbjørg med eit smil.

– Julefreden kan senke seg

Parkeringsplassane i sentrum var laurdag stort sett fulle. Ved Amfi var det eigne parkeringsvakter som viste veg til dei ledige plassane. Store mengder gåvepapir går med i innspurten mot jul før pakkane hamnar under juletreet. Mari og Leif Atle Strand avslutta julehandelen på G-Sport, men har vore godt i rute og stressa ikkje.

– Vi er i rute og dette er dei siste pakkane, seier Mari.

– Ho byrjar på julehandelen i august, men det er sikkert mange som stressar no, legg Leif Atle til.

– Er de kome i julestemning?

– Vi har henta juletreet i dag, og er julestemninga er på plass. Det som står att er å vaske golvet, og siste mathandelen på måndag. Så er vi ferdig. Mor kom for å feira jula saman med oss i går, og når vi har fått gjort dei siste tinga på lista kan julefreden senke seg, seier Mari.

Anniken Guldbrandsen og Oddbjørg Oline Guldbrandsen stressa ikkje med julehandelen, og fekk på plass dei siste gåvene på Amfi laurdag.