Henrik Syse er annonsert som innleiar under Næringskonferansen Søre Sunnmøre, som blir arrangert i Ørsta 26. mars.

Syse er filosof og forskar, og til dagleg tilsett ved Institutt for fredsforsking. Nyleg vart han utpeikt som nytt medlem av Nobelkomiteen, og i 2007 vart han utpeikt som ein «Young Global Leader» av World Economic Forum i Davos. Mange kjenner han også som son av tidlegare Høgre-statsminister Jan P. Syse.

– Han er ein av dei beste føredragshaldarane i Noreg. Dette styrkar årets konferanse med god breidde. Vi gler oss til å høyre Henrik snakke om etikk i arbeidslivet, skriv Næringskonferansen Søre Sunnmøre i ei pressemelding.

Tidlegare er Lars Monsen og Jan Runar Holsvik presenterte som innleiarar under Næringskonferansen.