Vedtaket vart gjort med 26 mot seks røyster. Mindretalet støtta formannskapet si tilråding om at tingretten sitt område må verte større.

– Men det kan vere uklokt, sa Petter Bjørdal (Ap).

– Vi bør ha eit primærstandpunkt om at tingretten skal liggje i Volda, og med dei grensene som er no, sa han, og fekk altså fleirtalet med seg på dette.

Men viss Domstoladministrasjonen likevel finn ut at grensene for tingrettsområdet skal endrast, seier kommunestyret i si fråsegn at kommunane Hornindal, Stryn, Selje, Vågsøy, Eid, Ulstein og Hareid vert overført til domstolen i Volda.

Ørsta kommunestyre føreset då at tingretten vert styrka fagleg tilsvarande.

Søre Sunnmøre tingrett er under press etter at ei stortingsmelding har lansert færre tingrettar i landet.

Sorenskrivar Elisabeth Wiik har tidlegare vore gjest hos kommunestyret i Ørsta, og forklart at tingretten i Volda fullt ut tek hand om dei oppgåvene som er pålagde, og at det har vorte gjort eit stort arbeid for å redusere handsamingskøane.