Laurdag er aldeles ikkje noko kviledag for Lions – verdas største humanitær organisasjon. Utafor Amfi stilte lokallaget opp med både stand, hytte og breie smil som vekte folk si givarglede i det sjeldne solskinet.

Det er tredje gongen yrkesskulen har bygd ei leikarhytte på oppdrag frå Lions. Materialet har vorte donert av lokalt næringsliv, og skal ein tru lions-medlemmene, er dette ein populær gevinst.

– Lodda går unna! I stad var det til og med ein som kjøpte heile blokka, seier Børre Davidsen.

Omfattande

Laurits Holsvik trur det gode loddsalet vel så mykje har grunn i publikum si vissheit om at ein faktisk hjelper dei trengande ved å donere pengar til Lions.

– Organisasjonen har eit sterkt prinsipp som seier at nesten hundre prosent av dei inntente pengane skal gå til gode føremål. Det skil seg ut, samanlikna med andre humanitære organisasjonar der mykje av pengane går vekk til drift og anna, seier han.

Lions er som sagt verdas største humanitære organisasjon, med 45.000 klubbar og 1,35 millionar medlemmer i over 200 land. Organisasjonen støttar fremmande arbeid på alle plan, og driv med alt frå graving av brønnar i Afrika, til rusførebyggjande arbeid på lokalt nivå.

Ørsta er inkje unntak.

Sterkt lokallag

Her i bygda tel Lions 45 medlem, medan klubben ei fartstid på 30 år.

– Dei siste åra har vi både gjeve pengar til ROP (Rus, omsorg og personleg utvikling), nye kanoar til skulen på Liadal, støttetiltak til dei eldre på institusjonane i Ørsta og Volda og mykje meir, seier Holsvik. Det Lions har bidrege aller mest til er Kaihuset, som dei har støtta frå første dag. Dei gir også midlar til "Det er mitt val"-undervisningsopplegget som driv forebyggande arbeid innan mobbing og rus i skulen.

Forutan loddsal, sel dei mellom anna kalendrar, medan den kvinnelege delen av klubben har gjort suksess med sal av laks.

– Kor viktig er det ha eit lokallag som Lions?

– Det er klart det er viktig, både for dei som tek imot stønaden, men også for oss. Vi føler stor glede av å kunne bidra til auka livskvalitet for dei trengande, seier Holsvik.

Stor tilhengjar

Solfrid Lystad er ei av dei forbipasserande som har sikra seg lodd i leikarhyttelotteriet.

Ho er stor tilhengjar av lokallaga sin innsats i samfunnet.

– Dei gjer ein viktig jobb, og som lærar er eg særleg glad for at dei har støtta skulane, slik som med kanoane på Liadal.

– Og no håpar du å vinne leikarhytta?

– Ja, eg har nokre små i familien som meir enn gjerne kunne tenkt seg ei slik hytte, seier ho med eit smil.

– Lokallaga gjer verkeleg ein kjempejobb i samfunnet, seier Solfrid Lystad. Her med Laurits Holsvik. Foto: Ivar Lid Riise