Spenningskurset er ein tverrfagleg interesseorganisasjon for kultur- og idrettsinteresserte, som arbeidar for at barn, unge, vaksne og eldre med ulike funksjonsnedsettingar og hjelpebehov får moglegheit til å ta del i ulike ski disiplinar, friluftsliv og spenningsorienterte aktivitetar.

Prosjektet starta opp i 1993 basert på eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Vestnes Kommune, Møre Folkehøgskule og ISF-Møre og Romsdal. Sidan starten har målsetjinga vore å gje deltakarane ei triveleg kursveke med aktivitetar tilpassa deltakarane sine ulike føresetnader, samt motivere til auka fysisk aktivitet.

Tilpassa opplæring, likeverd og inkludering er grunnpilarane i prosjektet. Spenningskurset er for mange eit av høgdepunkta i året. Vi har deltakarar som har vore med i mange år og nye kjem til.

Praksis

Dei 106 instruktørane på Spenningskurset har gjort ein fantastisk innsats med å leggje til rette for ei spennings- og opplevingsrik veke for deltakarane.

I år var instruktørane masterstudentar frå Åbo Akademi, Universitetet i Vasa Finland, elevar frå Møre folkehøgskule og studentar frå Høgskulen i Volda i Idrett og friluftsliv, derav 5 internasjonale studentar.

Dei må samarbeide på tvers av studie og nasjonalitet, det er ein spanande, utfordrande og minnerik praksis for instruktørane, og eit viktig ledd i deira danning.

I tillegg har ei gruppe studentar frå Media, IKT og design på Høgskulen i Volda hatt ansvaret for å dokumentere dei flotte opplevingane denne veka.

Resultatet vart ein blogg frå Spenningskurset, der ein kan sjå video og bilete frå heile arrangementet på www.spenningskurset.no. Denne bloggen vart oppdatert under heile arrangementet, slik at dei heime kunne fylgje med på kva som skjedde.

Aktivitetar

Spenningskurset er ein arena der deltakarane får spanande utfordringar og rikelege høve til å sprenge grenser.

Deltakarane fekk i løpet av veka høve til å prøve ulike aktivitetar som snørafting, klatring, skikurs i alpint, telemark eller langrenn, sit-ski, hundespann, bassengaktivitetar, overnatte i lavvo, korte eller lengre turar på langrenn i skog og mark, balansere på slakk line høgt over bakken, vinterspranget (taubane), aking og mykje meir.

I samband med 20 års jubileet utvida vi kurset med ein musikkstasjon med Øyvind Lied i spissen og ein fyrstehjelpsstasjon «Alltid beredt», der deltakarane har hatt høve til å tileigne seg kunnskap om og trene på fyrstehjelp saman med instruktørane sine.

På kveldane samla vi både deltakarar, hjelparar og instruktørar til underhaldning, song, leik og dans, her fekk enkelte av deltakarane høve til å syne fram det dei hadde gjort på musikkstasjonen.

Veka vart avslutta med «snødisco», pølsefest og «Bjorli Open», der deltakarane fekk høve til å ta del i ein av konkurransane alpint, langrenn kort eller lang løype eller aking. Alle deltakarane fekk flotte premiar sponsa frå lokale bedrifter og aktørar, samt diplom.