Onsdag var det nemleg namna til Synnøve og Frode Fuglehaug som vart fiska opp av hatten då teknisk sjef Svein Silseth i Ørsta kommune tildelte tomtene på Øvre Mo ved loddtrekning.

Tysdag 5. juni skreiv Møre-Nytt om ekteparet Ragnhild og Ottar Løvoll som etter munnleg avtale frå Ørsta kommune, håpa å få fyrsterett på å kjøpe den 1.500 kvadratmeter store delen av tomta dei har vore tilknytt i 34 år.

Ein klausul med dei førre eigarane gjorde det muleg for kommunen å kjøpe tomtedelen av etterkomarane, noko dei gjorde i 2006.

Løvoll-paret starta allereie då prosessen med å få kjøpe tomta, men meiner dei ikkje har fått skikkeleg svar frå leiinga før dei vart invitert på trekning av tomta i byrjinga av juni.

No er tomta tapt, men Ragnhild og Ottar har ikkje noko negativt å seie om dei som fekk tomta.

– Vi ønskjer vinnaren av trekninga lykke til, og vi satsar på eit godt naboskap, seier dei.

Dårlegare omdøme

Løvoll-paret er på ei anna side svært lite nøgd med behandlinga frå kommunen.

– På møtet med rådmannen i går fekk vi klar beskjed om at det var dei skriftlege avtalane som galdt. Alle dei munnlege forsikringane frå kommunens side vart i det heile ikkje vektlagt.

Dei meiner også at sakshandsaminga er eit skot i baugen for kommunen sitt omdøme.

– Vi er vonbrotne over behandlinga, og vi meiner saka er svært alvorleg. Eit negativt omdøme vil kunne skape mistru og mistillit mellom innbyggjarane og den kommunale leiinga, seier dei.

Onsdag var det loddtrekning av tomtene på Øvre Mo. her ved teknisk sjef Svein Silseth (t.v.) og rådgjevar Arnstein Nupen.