– Ein ting er å forstå utfordringane, ein annan ting er å prøve å sette inn gode tiltak.

Leiar for Volda næringsforum, Stefan Halck, snakkar om dei mange tomme butikklokala i Volda. Nyleg la barneklebutikken Hurlumhei ned drifta på kjøpesenteret Spinneriet. Også leikebutikken Ringo er på flyttefot til Hamnekvartalet, og klesbutikken Kle og kaffi har også varsla at dei skal ut av senteret. Dermed er det berre Vinmonopolet og Apotek 1 som held stand i andre etasje på Spinneriet. Nede er det sportsbutikk, Rema 1000, kafé og Nille.

– Volda har vore tilbakelent

– Handel endrar seg, og i dag har kundane eit større krav og forventar eit større utval enn det som har vore før. Dei har også mange fleire kanalar å velje mellom, og netthandel er ein stor konkurrent. Folk er også mykje meir på reisefot enn før, seier Dan Bjørneset, som har drive Ringo på Spinneriet. Han var også med og starte opp Ringo i Ørsta, men selde seg ut her for fire år sidan. No legg han også frå seg drifta av Ringo i Volda, i hendene til Nordli, som tek over.

– Volda har vore handelssentrumet i regionen, historisk sett. Plasseringa og alt gjer at dette har vore eit naturleg handelssenter, men tidene har endra seg, og Volda har vore tilbakelent og kanskje trudd at dette er noko som vil halde fram. Samstundes har andre stader gjort grep for å legge til rette for meir handel. Vi treng ikkje sjå lenger enn til Ørsta eller Ulsteinvik, seier Bjørneset, og viser mellom anna til at Ørsta gjorde grep for å få Amfi til å etablere seg i bygda.

Dan Bjørneset har gitt frå seg ansvaret for Ringo-butikkane i både Ørsta og Volda og satsar no berre på butikken på Moa. Foto: Rune Sæbønes

– I Volda opplever vi at vi som driv handel ikkje har vorte høyrde når vi seier at det er utfordringar med parkering og skilting i sentrum. Å lytte til næringslivet er ikkje Volda si sterkaste side. Her er ikkje vilje til å bruke pengar for å gjere Volda attraktiv som handelsstad.

Får ikkje lån

Stefan Halck seier at det ikkje manglar på ulike butikkonsept som ønskjer å etablere seg i Volda, men at dei har vanskar med å finne folk som vil drive butikkane.

– Også dette er ein samansett situasjon, for vi har også folk som ønskjer å drive, men som ikkje får lån i banken til å starte opp.

Halck meiner også at det har sett seg ei generell haldning om at det er vanskeleg å drive med handel i Volda.

– Utan at det nødvendigvis er heilt rett. Mange får det framleis til, men rekrutteringa er dårleg. Men det er klart at det ikkje tener saka om folk går rundt og tenkjer at det ikkje nyttar.

Stefan Halck seier at han trur noko av grunnen til at det har festa seg ei haldning om at «det er vanskeleg å drive butikk i Volda» er alle tiltaka og planane i Volda som ikkje har vorte noko av, kulturhusprosjekt til dømes og tidlegare forsøk på sentrumsutvikling.

– Kanskje kan vi samanlikne det litt med gågata i Ørsta. Det var ein god tanke bak det å gjere Vikegata til ei gågate, men i ettertid er det meir tydeleg at dette kanskje ikkje var den beste løysinga.

Trur på Volda

Men Halck har håp for Volda som handelsstad.

– Volda og Ørsta har så mykje til felles, at vi vil tene på å ta ulike posisjonar. I Volda har vi eit rikt festivalliv drive fram av studentar. Vi har mykje kulturopplevingar. Kanskje kan vi sjå føre oss at vi kan ta posisjonen som den hyggelegaste staden å handle, i eit levande sentrum, med andre funksjonar enn det du til dømes finn i straumlinjeforma, rasjonelle og effektive kjøpesenter.

Noko av det Volda næringsforum har vore med på å drive fram er møteplassar for butikkdrivarar og andre som kanskje emnar på ein idé eller tanke om å starte for seg sjølv.

– Det er dumt om folk opplever at dei må gi seg fordi dei opplever at ting er dårleg lagt til rette. Vi må lære av det, og jobbe saman for å kunne utvikle oss vidare. Volda er attraktivt plassert, og alt ligg til rette for at vi skal klare å få til noko positivt. Vi kan ikkje berre gi opp heller. Det går ikkje. Eg meiner å sjå at der er ei vilje no til å ta tak i dette.

Investerer ikkje i sentrum

Bjørneset seier at det også er utfordrande med tomteeigarar i sentrum, som på mange måtar legg kjeppar i hjula for utvikling av handel.

– Det er eit paradoks at Volda kommune kan kjøpe billege areal på Rotset og i Furene, mens det i sentrum vert for dyrt til at kommunen ønskjer å investere. Her er dei ikkje villig til å opne pengeboka. Her er entusiasme og engasjement for å etablere seg, men smertegrensa går ein annan stad enn det. Å ha lokale på Spinneriet er heller ikkje dyrare enn andre stader. Heller motsett, men her er utfordringa at når handelen forsvinn frå Volda, då forsvinn også kundane, og då er det vanskeleg for dei som sit att. Dette er ein dårleg sirkel, men det treng ikkje å halde fram slik, meiner Bjørneset.

Det har ikkje lykkast Møre-Nytt å nå tak i Eilev Halkjelsvik som er ein av eigarane på Spinneriet. Men til Sunnmørsposten tidlegare denne månaden uttalte han at det er planar om å gjere nokre ombyggingar på Spinneriet for å tilpasse lokala til nye leigetakarar, og at målet er at lokala skal vere utleigde att før skulestart til hausten.