Kommunestyret vedtok at Osgeila vert skilta som blindveg for dei som kjem køyrande inn frå Melsvegen. Og det vert einvegskøyring frå Hansholen/Eliholen.
Vedtaket kom etter to år med strid om saka. Når vedtaket endeleg vart gjort, håpa politikarane i samfunnsutvalet at skiltinga vart effektuert.
– Kva er det som gjer at dette tek så lang tid. Det var samfunnsutvalet som trafikktryggingsnemnd som tok opp saka i si tid. No er tilbakemeldingane frå dei som bur der at trafikken berre har auka. Der er ingen kontrollar, og det vert jamvel meldt om at kommunen sine bilar køyrer der, sa Bjørdal.
Assisterande rådmann Eldar Rune Øye forklarte at vedtaket er sendt over til vegvesenet, som endeleg skal godkjenne den nye skiltinga.
– Men dei har hatt kapasitetsproblem. Vi håper å få saka tilbake no i juni, og slik at vi kan informere samfunnsutvalet den 19. juni, sa Øye.