Brann og politi berfolk respektere forbodet som gjeld for bruk av naudbluss ognaudrakettar. Dei ber også om at folk let vere å bruke kinesiskelanterner og at alle viser generell varsemd knytt til bruken avfyrverkeri generelt.

- Vi har alle ei plikt til å vise alminnelegaktsemd og opptre på ein måte som gjer at brann kan førebyggast, heiter det i ei pressemelding.

Langs kysten har det vore tradisjon for at det blir tent pånaudbluss eller sendt opp naudrakettar denne spesielle kvelden, mendet er ulovleg. Naudbluss og naudrakettar er for naud og er ikkjetillate til bruk for nyttårsaftan. Når dette likevel blir gjort kandet få store konsekvensar.

Forskrift om handtering aveksplosjonsfarleg stoff er klar på reglane som gjeld: Pyrotekniskeartiklar og gjenstandar skal brukast til det føremålet dei erbestemt for og i samsvar med den rettleiinga som skal fylgjer vara.

Straffbart

- Når ein naudrakett vert brukt ute på sjøen, når ein er i naud, erdei ikkje farleg. Fare oppstår fyrst når desse fallskjermrakettanelandar i busetnad eller i skog og lyng. Både naudbluss ognaudrakettar gir frå seg så mykje varme at dei til og med held framå brenne under vatn, seier brannsjef Geir Thorsen i Møre og Romsdal110-sentral KF.

- Naudbluss vert regelmessig skifta ut på grunn avbruksdato, men er framleis reiarlaga sin eigedom. I staden for ådestruere det på sikkert vis, er vi kjende med at mannskap tekdette med heim som fyrverkeri på nyttårsaftan. Det er straffbart åbruke det på denne måten, seier politiinspektør Yngve Skovly i Møreog Romsdal politidistrikt.

Tidlegare forklaring har vore at detvert trena på å skyte opp naudrakettar på nyttårsaftan og at det erbakgrunnen for tradisjonen med både å få og å bruke desse.Reiarlaga som deler ut naudbluss eller naudrakettar til sinetilsette har vorte oppmoda om å slutte med dette.

- Ved brot påforskrifta kan ein straffast etter brann- og eksplosjonsvernlova ogstraffelova med bøter eller fengselsstraff på inntil tre månader .Skyt du opp naudbluss utan å vere i naud, risikerer du også å vertemeld for å slå falsk alarm. Feil bruk kan utløyse unødige aksjonarog det er eit misbruk av eit viktig redningsmiddel, seierpolitiinspektør Skovly.

Kinesiske lanterner

- I samanheng med naudbluss tek vi også meddei kinesiske lanternene. Dette er flygande bål som kan kome opp i800 meters høgde og brenn i 20-40 minutt. Det kan falle brennandebitar og den kan segle fleire kilometer av garde. Når ei lanternelandar medan den enno brenn kan den starte brann både i hus ogvegetasjon. Bruk er å sjå på som brot på den generelle varsemda einskal vise etter brannlova og brannforskrifta, seier brannsjefThorsen.

Me ynskjer ei trygg og triveleg markering både for dei somfeirar på rett vis og for brannmannskap, politi og sivilforsvar ogandre som helst vil unngå å rykke ut for å sløkke brann etteruvettig bruk av pyroteknikk.