Med sommaropning av Nilsbuda, loppemarknad utanfor Dampen, avduking av eit nytt turskilt og den årlege plantedagen mangla det ikkje på trekkplastera denne dagen.

Kaia på Sæbø var full av folk frå nær og fjern laurdag. Nokre stod bak salsboda si på loppemarknaden, andre naut ein is på kaia i finvêret. Bergtor Leine, Gunnar Berge og Edmund Nygaard, herøyværingar som er flytte til Oslo og som var i Volda i anledning at det er 50 år sidan dei gjekk ut av handelsgymnaset, hadde teke turen til Sæbø i dag. Dei minnast korleis det var å gå på gymnaset før i tida, medan dei naut kvar sin is på kaikanten.

–Denne isen var jammen god!

–Min var betre!

Sommarope for Nilsbuda

Ingunn Hjorthaug frå Sæbø seier at dei som bur på Sæbø er flinke til å arrangere ting, og at det difor alltid er mykje folk på Sæbø i helgene, og spesielt no på sommaren. Ei av dei som har vore med å skape liv i sentrum er Anna Moan, ei av damene som står bak Nilsbuda. Eldsjelene i Nilsbuda brukar feriar og fritid på å halde butikken open på dugnadsarbeid. I sommar satsar dei på helgeope i juni og august, og open butikk kvar dag i juli.

–Vi har ikkje sydd saman turnusen for sommaren endå, så det kan verte spanande å sjå. Men vi er mange som hjelp til her, så det skal nok gå fint.

Nilsbuda sel handverksvarer laga av folk i nærområdet. Dei prøvar å halde seg til dei som har tilknyting til Sæbø, Hjørundfjorden og Ørsta, men med nesten 60 leverandørar har dei også nokre varer som kjem utanfrå.

Nytt turskilt

Ordførar Stein Aam var sjølvsagt på plass då det nye turskiltet utanfor Nilsbuda vart avduka laurdag føremiddag. Skiltet viser veg til fleire populære turmål i området, og med QR-kode kan ein skanne skiltet på mobiltelefonen for å få startpunkt, ruteskildring, kart og bilete. Knut Hustad er ein av initiativtakarane, og fortel kva tanken bak skiltet er.

–Skiltet er kort og godt meint som eit fotopunkt. Folk som kjem hit for å gå på fjellet, kan ta bilete av skiltet for å vise at her har eg vore, eller hit skal eg. Ideen har vi sett på storbyskilt som viser London, Paris, Istanbul og New York. Vi har teke det litt ned, men det er minst like bra!

Fleire lokale står bak ideen, og arbeidet har vore eit dugnadsprosjekt gjennom trimgruppa Sæbø IL.

Loppemarknad på Dampen

I år var andre året det vart arrangert loppemarknad på kaia utanfor Dampen i samband med sommaropninga av Nilsbuda. Dampen serverte og ramslauksuppe av lokale råvarer, og den gjekk fort unna. Loppegeneral Anja Gjerløw Holen har fått mykje gode tilbakemeldingar på loppemarknaden.

–Det er mykje folk i år og god stemning. Og så er det kjekt at alle kan styre si eiga bod, det er ei fin ordning. Det skjer mykje positivt på Sæbø, god stemning er det som går igjen!

Vivian Frøland hadde loppebod for første gong i år, og var nøgd med både salet og dagen.

–Eg har vorte kvitt mykje, og eg er prutbar! Det har vore ein kjempefin dag, og det er så kjekt å møte så mykje kjentfolk i sentrum.

I tillegg til opne butikkar og loppemarknad vart den årlege plantedagen arrangert på bedehuset med kaffi og kaker, og sal av sommarplanter frå Urke gartneri og Oddvar Årsetøy.

Verdas navle

Softismaskina på Bellingen gjekk for fullt laurdag. Sæbø-karane Asbjørn Hjorthaug, Åge Osvoll, Asbjørn Moe og Peder Slenes var ned for å sjå på avdukinga av det nye skiltet i sentrum, før dei sette seg i skuggen utanfor Bellingen med kvar sin softis. Dei kunne fortelje at det er mykje folk på Sæbø når sommaren kjem, og takkar dei engasjerte innbyggjarane som arrangerer slike dagar.

–På vinteren er det berre vi overvintrar som er her, men på sommaren er det veldig kor mykje folk her er. Sæbø er verdas navle!