Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i sine merknader til oppstart av reguleringsplan for Klubben II, ei utviding av noverande masseuttak.

– Kommunen har vurdert det slik at saka skal konsekvensutgreiast, grunngjeve i landskapsverknader og ein oterlokalitet. Fylkeskommunen støttar kommunen i dette. Nordspissen av Klubben er registrert som eit lokalt friluftsområde og ein plass brukt til sportsfiske. Kommunen peikar i si saksutgreiing at dette området har den siste attverande urørte strandlinja i Ørstafjorden. Eit massetak på ytterlegare ein million kubikkmeter masse vil endre landskapskarakteren sterkt ved at neset vert seinka vesentleg. Vi vurderer dette som eit svært uheldig inngrep og vi vil rå frå arbeid med vidare regulering av området, skriv fylkeskommunen.