Camping-suksess på Urke

I fire år stod campingplassen på Urke for fall før bygdefolket satsa og tok grep. Det har vorte ei solskinshistorie.
Nyheiter

– Det er heilt fantastisk for ein respons det har vore. I helga var alle åtte hyttene leigd ut, her var fullt av telt og campingvogner og bubilar.

Dorit Rønning ved Urke Landhandel sprudlar. Telefonen kimar jamt og trutt, og mellom alle fastbuande og campinggjester som handlar i butikken, tek ho i mot bestillingar for Urke Camping. Etter at campingen gjenopna siste helga i juni har pilene peika oppover for den nedleggingstruga lokalbutikken. Overskotet frå campingen går nemleg til landhandelen, livsnerven for dei 46 fastbuande. Dette etter avtale med grunneigarane ved campingen.

– Vi får varer ein gong i veka, og det er jo nesten slik at vi går tom mellom kvar gong. Det er nesten litt flaut, men eit luksusproblem, seier Dorit glad.

Fantastisk tiltak

Campingen ligg eit steinkast unna landhandelen. Hilde Åmbakk Bjørkedal og Ivar Bjørkedal sit utanfor campingvogna si og nyt ein kopp kaffi i morgonsola. Dei har teke turen frå Åmdalen for å besøke familie på Urke. Og omgjevnadene har dei ingenting å seie på.

– Det er berre å sjå seg rundt, så får du forklaringa på kvifor vi er her. Norangsfjorden, Norangsdalen og Hjørundfjorden er det flottaste vi har. Og det er eit fantastisk tiltak bygdefolket har gjort for å få campingen i stand, seier Ivar.

– Og så er det jo ekstra kjekt når vi kan få varmt brød frå landhandelen klokka ti om morgonen.

Vakkert

Merete Jønsberg frå Ottestad utanfor Hamar har vore trufast gjest på Urke frå ho var heilt lita. Ho sit utanfor hytta «Slogen» og myser mot sola.

– Eg var her første gong då eg var åtte månader. No fyller eg snart 45, så då kan du jo tenke deg.

Mor hennar er frå Urke, og såleis har det vore obligatorisk med ein Urke-tur kvart år.

– I fjor vart det ikkje noko av fordi vi ikkje fann noko hus å leige, og campingen var stengt, så det er godt å vere tilbake, seier ho nøgd, og rosar i same andedrag innsatsen bygdefolket har lagt ned for å ruste opp campingplassen.

– Vi ringde med ein gong vi høyrde at dei skulle opne att. Dette er jo den vakraste staden på jord. Det er ikkje tvil om det.

Eksotisk

Tre gutar har samla seg i hjartet av campingplassen. Der er det laga til ein skikkeleg leikeplass. Søskena Patrik og Leander Engeseth frå Ørsta har fått ein ny campingkompis i Lucas Lethuillier frå Nesøya. Patrik og Leander har sove i telt med familien. I dag skal dei teste ut badeplassen på Urke. Mor Monica Hovden fortel at dei har høyrd så mykje bra at dei ville teste Urke Camping sjølve. Det har svart til forventningane.

Foreldra til Lucas seier det same. Katarina og Bruce Lethuillier har ei venninne frå Sykkylven som igjen har ein far frå Urke.

– Ho har snakka så fint om Urke, og vi har alltid snakka om å kome på besøk, og no passa det. Vi skulle vere her i to dagar, men har alt vore her i fire fordi vi har likt oss så godt, fortel Katarina.

– Og for meg som er utlending er det ei svært eksotisk oppleving å bade i fjorden med stupbratte fjellsider på alle sider. Og for to dagar sidan var vi på Saksa. Fantastisk, oppsummerer Bruce.

Stor mulegheit

Urke Landhandel gjekk med 40.000 i underskot i fjor. Dorit Rønning har trua på at ting no vil endre seg.

– Eg har måtte beklaga til folk i mange år fordi campingen er stengt. No er det ei glede å kunne hjelpe. Og det er ei stor mulegheit for butikken. Vi har alt fått gode inntekter, og har avtalar om utleige på campingen i lang tid framover.