Hovden - Oslo kan verte utan tilskot

Samferdselsdepartementet opnar for at tilskotet vert fjerna på denne ruta.

Flyruta Hovden - Oslo kan verte heilkommersiell. 

Nyheiter

Samferdselsdepartementet sender no ut til høyring det tilrådde opplegget for ein ny tilbodskonkurranse for det regionale kortbanenettet i Sør-Noreg frå 1. april 2016.

Av framlegget går det fram at det vert opna for at ruta Ørsta–Volda lufthamn, Hovden–Oslo lufthamn, Gardermoen, vert heilkommersiell. Det vil seie at strekninga skal flygast utan tilskot frå staten.

Samferdselsdepartementet byggjer dette på ein rapport utarbeidd av Transportøkonomisk institutt, og av denne går det fram at Oslo-ruta frå og til Hovden allereie går med overskot. Dessutan har ruta ein høg kabinfaktor, og det gjer at kommersiell drift neppe vil påverke rutestrukturen.

I rapporten frå Transportøkonomisk institutt vert det vist til at belegget på Oslo-ruta i 2013 var oppe i 72 til 73 prosent.

Overskot

Det vil gje utgift på om lag 950 kroner per passasjer, medan inntektene ligg på 1040 kroner per passasjer.

– Oslo-ruta går ut frå dette med overskot i dag, og det trengst neppe tilpassingar for å få til lønsam kommersiell drift. Ruta har likevel svært høg kabinfaktor, og det vil vere klart lønsamt for operatøren å auke prisane, i alle fall på populære avgangar, heiter det i rapporten. Det vert likevel peika på at Hovden er i ein konkurransesituasjon med Ålesund lufthamn, og at prisane også må sjåast i samanheng med det som vert tilbydd der.

I dag vert det samla betalt 279 kroner per passasjer–inkludert avgangane mot Bergen.

Når det gjeld Bergens-ruta, vil ho vere med i ordninga med tilskot som før. Det som vert drøfta, er korleis denne ruta skal organiserast–mest mogleg direkte, eller knytt opp mot mellomlandingar i Sogndal.

Her er rapporten lite konkret, men meiner Sogndal må vere med i eit opplegg for nokre av rutene.

Møre og Romsdal fylkeskommune er no bedne om å samordne høyringsrunden med kommunane og andre aktuelle partar, som Stiftinga Ørsta Næringskontor og Mafoss.

Det vert lagt opp til eit høyringsmøte i september, og høyringsfristen er sett til 31. oktober.

I rapporten frå Transportøkonomisk Institutt er ikkje flyruter nordover mot Trondheim drøfta.