Tre vidare til teikneseriefinale

Tre unge talent er vidare i Dei nynorske festspela sin teikneseriekonkurranse.

Laila Walseth Lid og Karine Munch frå Ivar Aasen-tunet saman med Evy-Karin Mostrøm frå Hotell Ivar Aasen viser fram dei tre stripene som går vidare til finalen i teikneseriekonkurransen. 

Nyheiter

– Det var ikkje heilt enkelt for juryen å velje dei beste, men dei kom fram til desse tre, seier kommunikasjonsrådgjevar Laila Walseth Lid og programansvarleg Karine Munch frå Ivar Aasen-tunet.

Den siste tida har dei i samarbeid med hotellet hatt ein teikneseriekonkurranse gåande, der ungdom mellom 16 og 20 år har kunne sende inn bidrag. Teikneserien skulle vere på nynorsk, inspirert av ordtaket «Det vert ingen siger utan strid».

No har juryen, beståande av musikar Egil Olsen, Bjørn Vatne i Sunnmørsposten og Anders Aanes i Aasen-tunet, kåra dei tre beste seriane.

Dei som går vidare til finalen er Karoline Rasmussen frå Ålesund, Ingrid Nordli frå Garnes i Ulstein og Ida Eva Neverdahl frå Bergen.

Alle tre har fått stripene sine på trykk i Sunnmørsposten og ein middag for to på Hotell Ivar Aasen. Vinnaren får i tillegg 5.000 kroner.

Kven som går av med sigeren vert klart på fredag om ei veke, då det vert finale på Rokken i Volda. Der skal Egil Olsen skal syngje og dele ut prisen.

Finalestripene heng i inngangen til hotell Ivar Aasen.