Må lese 600 sider dokument

Fleire kommunestyrerepresentantar fekk bakoversveis då dei opna saklista før kommunestyremøtet torsdag.
Nyheiter

På lesebretta låg det nemleg over 600 sider med informasjon. På kommunestyret varsla Jostein O. Mo om at det var for mykje.,

- Då vi gjekk over frå dokument trykte på papir til lesebrett, byrja det med to hundre sider.  No er det altså over 600 sider. Nettbretta toler det sikkert, men eg er usikker på om kommunestyremedlemmene gjer det. Vi skal ikkje skremme folk frå å ta politiske verv, sa Mo.

Han var rask til å understreke at saka ikkje er enkel. Som folkevald skal ein verte opplyst om alle sider ved ei sak.

- Likevel, er det mogleg å redusere mengda av informasjon. Er det til dømes naudsynt med alle vedlegga? Undra Mo.

Han fekk delvis støtte frå ordførar Rune Hovde.

Eg registrerte det same som deg før møtet, og vedgår at dette er ei utfordring. Eg vil be rådmannen formidle vidare til sine sakshandsmarar kva som kan vere naudsynt informasjonsmengde. Denne gongen var det mange store vedlegg, sa Hovde.

Ordføraren vedgjekk at det diverre er slik at ein som politikar må velje kva som skal lesast grundig, og kva som kan gjerast mindre nøye.

- Dette er også tunt for nettbretta. På den andre sider var det også slik i papirtida at det kunne vere mange sider dokument til eit politisk møte. Likevel  ser eg at det kan vere enklare å hive med vedlegg når all presentasjon av saklistene er elektronisk, sa ordføraren.