Nærkontakt med Kolåstinden

Tor Gjerrestad flaug berre meter frå skigåarane som nådde toppen av Kolåstinden 1. påskedag.

Tor Gjerrestad flaug berre meter frå skigåarane som nådde toppen av Kolåstinden 1. påskedag.  Foto: Tor Gjerrestad

Fantastisk utsikt frå oven.  Foto: Tor Gjerresdal

Nyheiter

For Tor Gjerrestad frå Ålesund var det ein flott flytur frå Bondalseidet via Sæbø og til Festøya 1. påskedag. Under flyturen knipsa hjelmkameraet hans fleire bilete. Dei viser mellom anna kor nært Gjerrestad var då han flaug forbi toppen av Kolåstinden og helste på dei som sat og naut utsikta.

Gode flygeforhold

Mange har truleg lagt merke til stor aktivitet blant paragliderane i Ørsta denne påska. Sjølv oppsummerer dei påska som ei draumepåske.

- Då godvêret kom så vart det også gode forhold. Spesielt langfredag og 1. ååskedag, seier Robert Haugen i Volda/Ørsta Himmelseglarlag.

Møre-Nytt traff rundt femten paragliderar på samlingsplassen ved Ørsta skisenter 2. påskedag. Dei venta på at vinden skulle ta seg opp slik at dei kunne ta av.

- Fredag og søndag så har det vore minst femti turar til saman. Herifrå kan vi flyge til mellom anna Sæbø og Ørsta. 1. påskedag fekk vi helse på skituristar då vi flaug over Kolåstinden og Snøhornet. Det er ikkje kvar dag at det skjer.

Mange av paragliderane som var samla 2. påskedag høyrer til Volda/Ørsta Himmelseglarlag, men det var også besøkande frå Ålesund, Ulsteinvik og Nordfjord.

- I påska i fjor var vi lufta nesten kvar dag. I år har det vore omtrent som i fjor. Det har vore ei draumepåske, seier Leif Gunnar Brandal.

- Vert det fleire flyturar i tida framover med dei gode vêrmeldingane?

- Arbeidslivet kallar, men det har vore fint no med desse fridagane. Det er veldig kjekt at stolheisen har gått opp til Eitrefjell. Det er tungt å gå og kome seg hit når heisa ikkje går, seier Haugen.

Frå lufta observerte Tor Gjerrestad fleire skiløparar som nytta seg av godt skiføre og strålande påskesol til å gå på fjellet.  Foto: Tor Gjerrestad