«Skiflyging» over Volda og Ørsta

Fotografen Marius Beck Dahle har laga to tøffe videoar av såkalla «speedflying» over Volda og Ørsta sentrum.

Skjermskot frå vidoen. 

Nyheiter

Videoane syner Beck Dahle og kameraten Marius Bøstrand som tek av utfor Rotsethornet og Melshornet på ski, før han lettar og let aerodynamikken stå for resten av nedturen.

Raske turar

Speedflying er ei undergrein av paragliding, berre med mykje mindre vengje.

– Det er meint til å følgje terrenget og flyge fort nedover, fortel Marius Beck Dahle, som saman med Bøstrand tok «lappen» for speedflying for ein månads tid sidan.

– Då var vi ei veke på kurs, som var det første nybyrjarkurset for speedflying i Noreg. Eigentleg må ein ha to år med fallskjermsertifikat eller PP3-utdanning på paraglider, seier Beck Dahle. Med fersk lisens i lomma og kamera på hjelmen, har han vorte heilt hekta på speedflying.

– Det er eit skikkeleg adrenalinkick, seier Beck Dahle, som ikkje ser vekk ifrå at det kjem fleire videoar på nett i tida framover.

Videoane kan du sjå her:

* Speedflying frå Melshornet i Ørsta

* Speedflying frå Rotsethornet i Volda