Startar MC-samarbeid

MC-Deler på Vartdal og Rotevatn Trafikkskule i Volda vil samarbeide for eit betre MC-miljø på Søre.

Daniel Sørvik frå MC-Deler og Kjell Erik Rotevatn frå Rotevatn Trafikkskule vil halde temakveldar med fokus på trafikktrygging. Dei ønskjer å danne eit knutepunkt for MC-miljøet i Ørsta og Volda. 

Nyheiter

– Vi startar opp med temakveldar, og håper at vi ut frå det kan få til eit knutepunkt for alle som likar å styre med tohjulingar, seier Daniel Sørvik og Kjell Erik Rotevatn.

Sykkelhelg

Dei to meiner det skjer for lite i MC-miljøet i Ørsta og Volda, og ønskjer å få til meir aktivitet.

– Amcar har vore flinke til å skape ein arena i Ørsta, og på sikt burde det ikkje vere umuleg å få til noko liknande for oss. Til dømes ei sykkelhelg, seier dei to.

Sørvik og Rotevatn vil invitere til ein temakveld før påske, og følgje opp med ein ny etter påske.

– Det er i tide for vårslepp og kick-off for sykkelsesongen, og særleg vil vi fokusere på sikkerheit.

Gjer kvarandre betre

Rotevatn, som har vore trafikklærar for motorsykkel sidan 2003, meiner at dei som køyrer moped eller motorsykkel aldri vert utlærde.

– Vi ønskjer å gjere folk meir medvitne. Sykkelen står gjerne i garasjen heile vinterhalvåret, og når folk pussar støvet av den og gjer seg klar til sesongen er det fort gjort å verte litt for ivrige. Det skjer for mange ulykker, og mange har for dårlege tekniske ferdigheiter.

Dei to sykkelentusiastane har vorte samde om å gjere kvarandre betre gjennom samarbeidet.

– Og totalen vert eit betre og breiare tilbod, seier Sørvik.

Felles interesser

Dei to stiller med ulik kompetanse, men med felles interesser i samarbeidet. Begge har fagkompetanse; Rotevatn som trafikklærar, og Sørvik som seljar av MC-utstyr. Begge har stort fokus på sikkerheit.

– Vi vil ha ned ulykkestala. Vi håper samarbeidet vil verte ein suksess og gi større interesse for noko av det beste vi veit – motorsykkel.

Dei to skal sjølve på kurs på Austlandet mot slutten av sommaren, og håper å kunne dele noko av kunnskapen sin med andre.

– Draumen er å skape eit stort fagmiljø der vi både har det sosialt og der vi gjer kvarandre meir medvitne på kva det handlar om å køyre tohjuling. Og så vert det grilling, uansett ver.

Sørvik og Rotevatn lovar å kome med meir informasjon når dato for den første temakvelden er sett.