Treng fleire rettsvitne

Søre Sunnmøre tingrett søkjer frivillige som kan tenke seg å stille som rettsvitne.

Petra Humberset (midten) bur like ved tingretten i Volda, og stiller gjerne opp som rettsvitne når det er behov for det. Dommarfullmektig Roberto Bjøringsøy og sorenskrivar Elisabeth Wiik set pris på hjelpa, og etterlyser også fleire som kan tenke seg å gjere same jobben. 

Nyheiter

– Eit rettsvitne skal sjå til at ting går greitt føre seg i såkalla einedommarsaker, der berre ein dommar og tiltalte er til stades, forklarer sorenskrivar Elisabeth Wiik.

Frigjort ressursar

Sakene det gjeld er i hovudsak tilståingssaker. Dette gir ei forenkla handsaming, og sparer også samfunnet for store kostnader. Saka er gjerne gjort unna på få timar.

I dag har tingretten tre-fire pensjonistar som stiller opp for dei når dei treng rettsvitne.

– I utgangspunktet er det ein av våre fire sakshandsamarar på huset som skal vere rettsvitne, men med stor arbeidsmengd er det godt å få frigjort litt ressursar med at frivillige rettsvitne stiller opp, seier Wiik.

Menneskeverd

Petra Humberset har stilt opp for tingretten det siste året, og ho er glad for å hjelpe.

– Du treng ikkje mykje forkunnskap for å gjere dette. Eg sit og høyrer på dommar og tiltalte og ser til at dialogen går greitt. Eg er oppteken av menneskeverd, og eg er glad for å sjå at dei i tingretten handsamar alle på ein god måte.

Humberset fortel at det var eit enkelt val å ta då ho vart spurt om å vere rettsvitne i fjor vår.

– Eg få kome meg ut litt og får helse på kjekke folk og slå av ein prat. Det er fint å kunne vere til hjelp og avlaste dei på kontoret. Eg har alltid likt å ha mykje å styre med.

Stor auke

Tingretten har opplevd ein stor auke i talet på saker der dei har behov for rettsvitne. Samanlikna med same tid i fjor er auken på 28 prosent.

Den totale auken i 2013 samanlikna med 2012 var på 82 prosent.

– Så behovet aukar stadig. Vi er veldig glade for dei som stiller opp for oss som rettsvitne, men vi vil ikkje slite på dei. Vi har meir enn ei slik sak i veka, og det kan fort verte mykje, trur Wiik.

Ho håper der er andre som også kunne tenke seg å prøve seg som rettsvitne.

– Pensjonistar, studentar eller andre er hjarteleg velkomne, seier ho.

Ordninga er basert på frivillig arbeid, men dei som stiller får ein liten sum utbetalt per sak dei er rettsvitne i.

– Det er ikkje pengane som er det viktige. Men det er fint å kunne bidra, seier Humberset.