Berre 13 centimeter klaring på Slettedalshjørnet:

73 meter langt monstervogntog gjennom Sæbø sentrum

Dei som møtte opp for å sjå monstervogntoget som køyrde frå Sæbø til Bondalseidet fredag, fekk oppleve at det vart skrive historie: Aldri før har eit så langt vogntog køyrt gjennom Ørsta kommune.

Nyheiter

Dimensjonane var ikkje før amatørar: Vogntoget var 73 meter langt og vog 480 tonn inkludert vekta på tre bilar som drog monstertransporten med ein 235 tonn trafo som skal monterast i Hovdenakken.

Stø

Og han måtte vere stø på handa han som skulle ta svingen på Slettedalshjørnet. Der var det nemleg berre tretten centimeter klaring mellom rekkverket på luftealtanen til kjøpmann Torbjørn Slettedal.

For å klare svingen hadde Statnett sine folk grove ein bit ut av hagen til Slettedal, og erstatta biten med hardt dekke.

– Det var berre denne svingen som var ei utfordring for transporten. Resten er plankekøyring og vi er svært heldige med veret. Ja, det er som å vinne i lotto på denne tida av året, fortalde prosjektleiar Rune Flakk i Statnett Transport.

Sjø

Dei driv berre med oppdrag som dette: Transport av trafoar på sjø og land. Og transporten av den 235 tonn tunge trafoen som no er på plass i Hovdenakken er for Statnett Transport berre som ein vanleg transport å rekne.

– Heilt middels i vår målstokk, seier Flakk.

Imponerande

For oss vanlege, og ikkje minst skuleborna som stod og vinka ved hotellet, var det likevel imponerande å sjå transporten køyre oppetter seige Bondalen med to blåslysblinkande politibilar i front. Hengaren hadde 96 hjul, og dei tre bilane som drog trafoen hadde til saman 1.950 hestekrefter.

Med ei fart på 15–20 km/t tok det halvannan time å nå Hovdenakken. Alt gjekk etter planen på den nysalta vegen.

Fredag ettermiddag returnerte båten og sette kursen for Nyköping for å hente ein ny trafo som denne gongen skulle til Drammen.

No er det berre å vente på straumen frå trafoen som vert bygt for den nye 420 kV-lina.