900.000 extramidlar til småjobbsentral

Møteplassen har starta med småjobbsentral. Det kunne dei gjere takka vere extramidlar som dei nyleg har fått. Staden er elles ein møteplass der ein jobbe i kafeen, spele biljard, drive med forming eller berre prate med andre.

Bodil Dale bakar det meste av kakene på Møteplassen. Her saman med einingsleiar Joanne Aarseth. ( Foto: Ingvild Runde)  

Nyheiter

Via Rådet for psykisk helse søkte "Møteplassen Aktivitetssenter og kafé", Ørsta kommune og Mental Helse Volda/Ørsta om midlar frå "ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering" til å starte ein småjobbsentral. Prosjektnamnet kalla dei for "Ut i arbeid småjobbsentral". Nyleg fekk dei vite at dei fekk positivt svar.

– Vi har fått ja til eit prosjekt som skal gå over 2 år. Så no er vi ute etter nokon vi kan tilsette i 60 prosent stilling for å gjennomføre dette. Dette blir frå 1. mars, seier leiar for Møteplassen, Joanne Picton Aarseth.

Gåver frå Lions

Dei har tjuvstarta litt. I sommar klipte brukarane plen for privatpersonar i Ørsta for 8000 kroner.

– Pengane gjekk uavkorta til nytt utstyr. Dei som gjorde jobben fekk klippekort til bruk i kafeen betalt av Møteplassen, opplyser ho.

No i vinter kan folk ta kontakt for til dømes for å få hjelp med snørydding, og anna førefallande arbeid.

– Vi samarbeider med Frivilligsentralen. Dersom dei får oppdrag som dei meiner passar for oss, tek dei kontakt, informerer Aarseth. Dei er no i gang med å lage ei brosjyre som skal informere om kva Møteplassen kan tilby.

– Den har vi planar om å legge ut på legesenteret, biblioteket og andre stader folk ferdast, orienterer Joanne.

Ho legg til at dei har fått mykje støtte frå butikkar og frivillige organisasjonar.

Lions har til dømes gitt dei ein snøfresar og ein plenklippar. Rebecca losjen har kjøpt tilhengar.

Midt i blinken

Jon Kornberg er ein av dei som har nytta tilbodet til småjobbsentralen.

– Eg ringde ned sist det var rikeleg med snø. Så kom dei med ein gong. Det var midt i blinken for meg, sjølv om eg også har ein son i Volda som hjelper meg mykje, seier han.

– Korleis visste du om tilbodet?

– Eg brukar å kjøpe meg vaflar og kaffi på Møteplassen på tysdagane. Dei har så gode vaflar. Dessutan kjenner eg Joanne sidan eg var med ein av brukarane der på bading for nokre år sidan, seier den tidlegare legen.

Kakebaking

Medan nokre av brukarane tek på seg oppdrag gjennom småjobbsentralen, via Nav og Furene, arbeider andre på huset. Bodil Dale er fast bakar på Møteplassen. Ho er der kvar torsdag og fyller opp frysaren med alle moglege lekre kaker.

– Eg trivast veldig godt her. Det beste som kunne skje var at møteplassen vart flytta hit til sentrum. Det var heilt supert, seier ho.

Ope hus

Møteplassen er ein stad for folk over 18år som har psykiske sjukdomar, utfordringar eller plager.

– Alle har ei psykisk helse, så alle folk er velkomne innom oss, sjølv om dei ikkje går her fast. Vi har ein open tone, der folk kan snakke om vanskane sine, fortel Aarseth.

Fleire av dei eldre som bur rundt omkring her kjem innom til dømes for å kjøpe seg mat.

Dei arrangerer julebord, turar og har eit aktivitetsrom der folk kan utfalde seg med handarbeid og husflid. Eit biljardbord har dei også nyleg fått som ei gåve frå Strømpeneset.

I tillegg til Joanne som arbeider 100 prosent som leiar, deler Ingunn Engeset og Grethe Nytun ei 80 prosent stilling.

Takk til Ørsta kommune

Den daglege leiaren er svært takksam og glad for det fine bygget som Ørsta kommune står bak.

– Vi tilsette fekk vere med i heile prosessen, og vi har fått det akkurat slik vi ville. I tillegg til ein del nye møblar, har vi pussa opp ein del av dei vi nytta før. Brukarane synest det er så fint her, første gongen folk kjem innom vert dei nesten høgtidelege. Dei synest det er stas at deira gruppe vert prioritert, seier ei svært nøgd Joanne Picton Aarseth og legg til at om lag 100 personar er innom kvar veke.