Dette meiner Arild Eidset, marknadsansvarleg i Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST). Han fortel at ÅST har teke standpunkt og er imot heliskiing både på generell basis og i Hjørundfjorden.

Særleg er støyforureining og visuell forureining ei utfordring med den forma for turisme, meiner Eidset, som no uttalar seg som privatperson.

– Det største problemet med heliski er støyen det lagar i fjorden. For det første må ein ha ein base. Det er lite sjarmerande å verte bussa til Hovden. Så skal ein få eit produkt av det, må ein lage til så turistane kan ete frukost, gå gjennom garderoben og rett ut i helikopteret. Det vil lage mykje støy i bygda. Så må helikopteret følgje fjordløpet eller dalløpa, der det vert ekko mellom fjella og eit himla bråk, seier Eidset.

Han legg til at det stort sett er folk på fjella til ei kvar tid, og at ein gjeng som kjem med helikopter vil øydeleggje opplevinga deira.

– Syns- og støyforureininga på toppen er eit alvorleg overtramp for dei som er der, meiner han.

– Er du i mot all form for helikopterbruk, som til dømes ved filminnspeling?

– Skal ein greie å formidle dei store opplevingane Sunnmørsalpane gir av skikøyring på filmduken, er det nesten naudsynt med helikopter. Reklameeffekten er uvurderleg i internasjonal samanheng. Men det betyr ikkje at vi må tilby sjølve helikopteret. Marknaden ser fjella og stilla der. Dei gjestene vi bør ha er få, men tjukke av pengar, og har tid til å ta inn over seg og nyte stilla i fjella, seier Eidset.

Han har sjølv vore på heliskiing i Kanada, og meiner det tilbodet ikkje kan samanliknast med heliskiing på Sunnmøre.

– Det var utruleg kult å vere der, men eg har ikkje lyst å reise tilbake. For kva veit eg om Selkirk i dag?#<\p>Ingenting. Men hadde eg hatt tid til å arbeide meg inn i verdien byen sikkert har, hadde eg nok ville reist tilbake. Dei kundane vi bør satse på på Sunnmøre, er dei som har tid. I tillegg er det i Kanada store område med skog, der berre skogsarbeidarar bur. Samanlikninga med Kanada er difor meiningslaus. I Noreg har vi ein distriktspolitikk som gjer at det bur folk over alt. Det er ingen plassar i verda der folk bur så grisgrendt, og der helikopter vil støye så mykje for så mange.