Fekk IA-utmerking:

– Dette er veldig stort for K.A. Aurstad

Under IA-konferansen (inkluderande arbeidsliv) i Molde torsdag fekk K.A. Aurstad pris for arbeidet sitt med å tilrettelegge for tilsette som får helseutfordringar slik at dei kan halde fram i arbeid.

Driftsdirektør Cato Aurstad, Personalsjef og KHMS-ansvarleg Jan Reite og køyrerettleiar og hovudverneombod Stig Bjørkedal med IA-utmerkinga. 

Nyheiter

I IA-avtalen er det er tre ulike delmål, og under IA-konferansen skulle det delast ut pris til verksemder under kvar av desse delmåla. K.A. Aurstad, som har vore IA-verksemd sidan 2007, var nominert i alle kategoriane, og fekk prisen under delmål to. I Møre og Romsdal er det rundt 3.700 verksemder som er IA-verksemder, og prisen er prov på at verksemda gjer eit godt arbeid.

– Vi i K.A. Aurstad AS flyttar mykje fjell, og det ligg mykje sanning i ordtaket at «tru kan flytte fjell». Difor er det viktig å ha tru på det ein gjer, og jobbe målretta mot eit godt resultat. Vi er utruleg stolte av bedrifta vi jobbar i, og det er stort for oss å få ei slik utmerking. Dette oppmuntrar oss til å stå på vidare i IA-arbeidet, seier personalsjef og KHMS-ansvarleg Jan Reite i K.A. Aurstad.

– Vi har sett moglegheitene

Verksemda fekk utmerkinga for arbeidet med å tilrettelegge for tilsette som får helseutfordringar slik at dei kan halde fram i arbeid. Dei har mellom anna oppretta nye stillingar tilpassa arbeidstakar si funksjonsevne. Dette er stillingar som dei har sett behov for, men ikkje sett i verk. Dei gir også personar som har vore ute av arbeidslivet ei stund, ein sjanse til å få prøve seg i arbeid. Det er konkrete eksempel på at dette har ført til fast jobb.

– Bedrifta har heilt sidan starten i 1985, prøvd å sjå løysingar på korleis vi kan vere gründerar, og løyse utfordringar vi møter i vår anleggskvardag på ein lurare og meir effektiv måte. Same filosofien har vi i IA-arbeidet. Vi vil vere kreative, sjå løysingar og utnytte dei moglegheitene, erfaringane og ressursane som er i våre tilsette, og då hjelpe våre tilsette som har vorte sjuke og fått ulike helseutfordringar. Utfordringar som har medført at dei ikkje lenger kunne halde fram i den jobben dei i mange år har utført. Vi har då oppretta nye stillingar, som firmaet gjerne har hatt behov for, men som ikkje har vore sett i verk. Vi har sett moglegheitene, og det har vorte ein vinn-vinn situasjon, seier Reite.

Fleire suksesshistorier

Eit døme på at IA-arbeidet til K.A. Aurstad fungerer er hovudverneombod og køyrerettleiar Stig Bjørkedal. Han var maskinkøyrar og vart alvorleg sjuk av kreft. Gjennom tett oppfølging frå arbeidsplassen kom han seg tilbake i arbeid. Kreften kom tilbake på ny, men han er i arbeid igjen i ei oppretta stilling som køyrerettleiar. Her går han inn og rettleiar dei unge uerfarne maskinkøyrarane i verksemda. Då det var oppretta ei IA-stilling for maskinførar var Bjørkedal rettleiar, og det førte igjen til fast arbeid for personen i IA-stillinga. Dette er ei av fleire suksesshistorier for K.A. Aurstad. Bjørkedal seier at arbeidet som vert lagt ned rundt eit inkluderande arbeidsliv fungerer godt i verksemda.

– Verksemda har vore imøtekommande, og stilt opp på alle måtar. Det har også vore heilt avgjerande for at eg kom inn att i arbeidslivet, seier Bjørkedal.

– Skal vere trygt og godt å jobbe i verksemda

K.A. Aurstad samarbeider også med fleire for å få til eit godt IA-arbeid.

– Vi vil rette ein stor takk til det positive samarbeidet med NAV Arbeidslivssenter, dei ulike NAV kontora, bedriftshelsetenesta vår Stamina og legane. Dette hadde vi ikkje greitt å gjennomføre utan positivt samarbeid og vilje mellom dei viktige aktørane i IA-arbeidet. Det skal vere trygt og godt å jobbe i verksemda. Vi tek HMS på alvor, og IA er ein del av dette. Vi har mange velferdstiltak for dei tilsette, og her skal du verte sett og trivast. Alle bidreg, og alle er like viktige. Vi har berre ulike roller. Vi har to motto. Det eine er «Vi set spor», og det andre er «det fins ei løysing på alt», seier Reite.

Stig Bjørkedal, Jan Reite og Erling Lid (maskinførar, AMU leiar og tillitsvalt) tok imot prisen torsdag, og det var Hege-Beate Edvardsen, leiar i IA-rådet, som stod for utdelinga.