Viste det nynorske barnebokmangfaldet

Mangfaldet i nynorsk barnelitteratur vert synleggjort denne veka, då Nynorsk barnebokveke går av stabelen for andre gong.

På Nynorsk barnebokveke i Aasentunet: Janne Karin Støylen, høgskulelærar ved Nynorsksenteret. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, formidlar ved Nynorsksenteret, Anna Sunniva Sørbø, bibliotekar på Ivar Aasentunet og Erna Osland, barnebokforfattar. 

Nyheiter

Tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret, Ivar Aasentunet og Møre og Romsdal fylkesbibliotek.

Gjennom tre dagar vert det halde foredrag om barnebøker og korleis ein skal skape meir leselyst blant born.

Temabøker for born

På Aasentunet var ei rekkje foreldre og førskulelærarar møtt opp til opninga måndag, der mellom andre Erna Osland fortalde om sine bøker og sine røynsler med born og litteratur. Osland har skrive hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har undervist i ungdomsskule og vidaregåande skule. Ho har skrive ei rekkje temabøker for born, som tek føre seg alt frå tenner og dyreforeldre til søvn og nasar.

– Det er veldig fint å vere lærar eller bibliotekar og få vere med å arbeide for born. Språket og lesinga er noko av det som gjer at ein vert ulike og får kvar sin måte å vere på, sa Osland.

Empati og innsyn

I auditoriet leste ho utdrag frå eit par av bøkene sine. Høgtlesing for born kan vere ein god måte å få born til å reflektere over ting og formidle bodskap på, meinte Osland.

– Eg ser at forteljingane er ein veldig god måte å nå måla eg strevde mot som lærar. Dei handlar om å oppdage seg sjølv, og då må ein sjå den andre. Det er det all skjønnlitterær tekst handlar om: å vise den andre. Då ser ein også seg sjølv. Med det følgjer empati og innsyn i andre sine liv, sa Osland.

Fire plassar

Den nynorske barnebokveka er eit mobilt arrangement. Etter å ha vore i Aasentunet måndag, gjekk turen vidare til Herøy bibliotek, Vestnes bibliotek og Fræna bibliotek.

Målet er å gjere flest mogleg kjende med utvalet som fins innan nynorsk barnelitteratur.

– Foreldre og lærarar må verte klar over at det fins gode, nynorske bøker. Det er viktig for dei som har nynorsk som hovudmål. Å lese nynorsk litteratur styrkjer målet og leseutviklinga, seier høgskulelektor Liv Kristin Bjørlykke Øvereng ved Nynorsksenteret.

Temabøker for born på nynorsk.