Dale vert statssekretær

Jon Georg Dale frå Volda vert statssekretær i samferdselsdepartementet i den nye Solberg-regjeringa.

Jon Georg Dale. 

Nyheiter

- Det er ingen tvil om at eg er både stolt og audmjuk over å ha fått denne tilliten, seier Dale.

- Og så kjenner eg på eit snev av skrekkblanda fryd.

Dale representerer Framstegspartiet i Volda kommunestyre, og han har sidan 2010 jobba som politisk rådgjevar for Frp på Stortinget.

Dale skal dele jobben som statssekretær med Framstegspartiet sin samferdselspolitiske talsmann, Bård Hoksrud og John-Ragnar Aarset (H).

Ny samferdselsminister er Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Solvik-Olsen, kjem frå Time i Rogaland. Han har vore stortingsrepresentnat frå 2005-2013, er utdanna sosialøkonom og har yrkeserfaring som finansanalytikar og prosjektleiar.