Rasar mot fartshumpar i Anders Hovden-gata

– Lensmann og ordførar, vert ikkje dette rydda opp i, risikerer de at Kjellen svelte-streikar!

Nyheiter

Bussjåfør Kjell «Kjellen Bigseth er rasande. Han har lenge irritert seg over fartshumpane i Anders Hovden-gata i Ørsta sentrum. Måndag vart han vitne til ein debatt om gata på fjesboka, og då vart han skikkeleg fyrt.

– For der fortalde ein at han heller ville symje Rossåa enn å køyre denne gata. Då har det vorte gale, freser Kjellen.

Som yrkessjåfør kvir han seg for å køyre gata.

– Desse f.......... humpane gjer at heile bussen ristar, og sjølv vert eg skeiv i ryggen. Humpane er ikkje skilta heller, seier Kjellen.

Han karakteriserer fartshumpane som dei verste i Nord-Europa, og krev at det vert gjort noko både med utforminga og at det vert skilta at der faktisk er humpar.

– Skjer det ikkje noko, kan det verte sveltestreik. Eg vil berre ta to skeier med svelerøre dagleg. Så lensmann og ordførar, ta tak i denne saka. Og vegvesenet også!

– Dette er Nord-Europas verste fartshump, freser Kjellen