Aska gir von om god sommar

«Ask før eik gir steik. Eik før ask gir plask» seier eit gamalt vêrteikn. I år sprang aska ut marginalt før eika.

Eilert Hovden med ei ask og ei eik. Aska til venstre var i år eit par dagar kjappare enn eika med å springe ut. Det kan tyde på at det vert ein god sommar, ifølgje gamle vêrteikn. 

Nyheiter

Hos Eilert Hovden i Hovdebygda veks ei eik og ei ask like ved kvarandre. Trea gir difor godt grunnlag for samanlikning.

– Det kan sjå ut som aska kom ut litt før eika, men ikkje mykje, seier Hovden, som dei siste åra har følgt med på kven av dei to som har sprunge ut først.

– Tidlegare år har det stemt rimeleg bra, seier han.

– Og så er det eit anna vêrteikn som tyder godt i år. Ifølgje bestemor var det slik at dersom isen på Hovdevatnet gjekk sydover mot Bergeland når han smelta, då vart det ein god sommar. Det gjorde han i år.

Så får vi sjå om trea og isen har rett, så det vert ein steikande god sommar i år.