MA Ortiz er årets barnefotograf

Fotograf MA Ortiz frå Liadal vann kategorien for årets barnebilete då ho deltok i Norges Fotografforbund si årlege landskonkurranse.

ODA av MA Ortiz er kåra til årets beste barnebilete av Norges Fotografforbund. 

Nyheiter

Ho vann med biletet «ODA» som ho også fekk bronsemedalje for. To andre bilete vart premiert med heiderleg omtale, eitt i kategorien for barn og eitt i kategorien for bryllaup. Prisutdelinga vart halden måndag denne veka, og samla sett fekk ho reise heim med ein 9. plass i konkurranse med 169 fotografar frå heile landet.

– Det er kjempestas. Eg har vorte premiert før, men aldri som årets barnefotograf, så den heng høgt, seier ho glad.

Prestisjefullt

Juryen brukte tre lange dagar på å kåre ein vinnar. Det vart også gjennomført ei ekstra juryering for å kvalitetssikre sluttresultatet.

– Eg fekk beskjed frå konkurransekomiteen om at dei helst såg at eg kom til Drammen for å vere med på prisutdelinga, så eg hadde ein mistanke om at eg hadde nådd langt opp, men dette er så prestisjefullt at eg ikkje torde å håpe på noko før dei ropte opp namnet mitt.

MA Ortiz sat sjølv i juryen i fjor, og veit kor tøft det er å bedømme alle bileta.

– Dette er som ei Oskar-utdeling for fotografar, fortel ho.

– Eit fantastisk uttrykk

Om vinnarbiletet «ODA» seier juryen:

– Dette er eit fantastisk uttrykk! Vanskeleg å få fram hos ein vaksen, enda vanskelegare hos eit barn. Utruleg bra gjennomført. Beskjæring og komposisjon leier mot auga, som igjen gir ein enorm innverknad. Fotografen har brukt rett teknikk for å understreke bodskapen i dette fotografiet.

Køyrer sin eigen stil

MA Ortiz har jobba som fotograf sidan 2005, og ho har jobba hardt for å finne si eiga nisje innan fotografering. Ho likar ikkje å herme etter andre, og gjer det ho kan for å køyre sin heilt eigne stil.

– Dette biletet viser kva eg står for. Eg har jobba i fleire år for å kome hit. Eg vil at bileta mine skal ha ein aura, fortel Ortiz.

Målet med bileta er at dei skal gi rom for ettertanke og rom for tolking.

-– Eg tek alle slags bilete, men likar best dei som ikkje nødvendigvis inneheld smil og latter. Det er eit kjent uttrykk som alle veit kva står for. Eg finn det meir spennande å ta bilete med eit anna uttrykk, fordi eg føler at det kan gi meir.

Sterk konkurranse

Fotograf MA Ortiz jobbar frå studioet sitt i det gamle skulebygget på Liadal. Nyleg heldt ho også utstillinga «Tyll på Tind» på kunsthuset. Ho er utdanna ved Fagskolen for kunst og design, har gått i lære hos motefotograf, og har studert media ved høgskulen i Volda. I dag jobbar ho også som forelesar ved Akademiet i Ålesund, i tillegg til jobben som fotograf.

– Det er ein tøff marknad å vere fotograf i. Vi er mange om beinet her i området. Eg vil gjerne overleve som fotograf, men tida framover vil vere avgjerande for meg, fortel Ortiz.

Tanken på å flytte tilbake til Oslo der ho jobba i mange år, har dukka opp i bakhovudet, men aller helst vil ho gjerne få det til å fungere der ho er i dag.

– Det vert spennande framover, men eg er i alle fall fullbooka for bryllaupsfotografering i sommar, og det er veldig kjekt. Så får vi sjå. Kanskje vil denne prisen bidra til at fleire for auga opp for kvaliteten som ligg i arbeidet mitt, for det er fotografi eg helst vil drive med, fortel ho.

Juryen bestod i år av juryformann Jens Eldøy, Raymond Engmark, Kate-Monica Myrmellom, Richard K. Johansen, Eir Jørgen Bue og Elisabeth Wathne.

Ei stolt MA Ortiz etter prisutdelinga i Drammen måndag.