Vil flytte rås til Liadalssetra

Liadalsbygda grendelag ønskjer å få til ny og betre rås og vad over Fremste-elva i Liadal.

 Liadalsbygda grendelag ønskjer å få til ny og betre rås og vad over Fremste-elva i Liadal. Her frå tidlegare flaumskadar på Liadalssetra. 

Nyheiter

– Slik råsa og vadet ser ut no, etter fleire flaumar og stormar, er det knapt nok gåande for friske og førige folk, skildrar grendelagsleiar Arild Digernes.

Lite tilgjengeleg

Flaumane dei siste åra har vaska vekk dei store steinane som gjorde det muleg å ta seg trygt over elva. Når det kjem mykje regn, styrtregn eller smeltevatn, skal elva vere umuleg å krysse.

– I tillegg har orkan med rotvelt og nyplanting av skog gjort råsa ned til elva lite tilgjengeleg, fortel Digernes.

Grendelaget har fått løyve frå grunneigarar til å opparbeide ny rås og lage nytt vad. Det er grendelaget sjølv som skal stå for arbeidet. Dei har også søkt om midlar frå Gjensidigefondet og fått tilsegn om 35.000 kroner.

– Vi trudde dette var eit så lite inngrep at det ikkje var naudsynt med søknad til kommunen, noko vi i ettertid har forstått at vi skulle ha gjort, beklagar Digernes. Han håper kommunen vil sjå med godvilje på søknaden.

Snøscooter

Prosjektet består av skogrydding, halde fram med rås på den påbyrja vegstubben fram til elva, oppreinsking av elvefaret og opparbeiding av nytt vad.

– Breidda på den nye råsa og vadet må vere så stort at det vil vere mogleg å få fram ein snøscooter vinterstid i samband med ulukker eller liknande. Dei seinare åra ser vi at det er mange skiløparar som kjem fram i dalen for å køyre i laussnø frå fjelltoppane. Vi som er kjende i området er uroa for at slik skikøyring skal utløyse snøskred, seier Digernes, som også peikar på andre fordelar ved ei breiare rås.

– Ved at vi får ei sikrare kryssing av elva og ei rås som er betre å gå, vil det opne for at langt fleire, både rørsleutfordra og eldre kan ta turen fram på Liadalssetra.

Viktig folkehelse

Digernes argumenterer også med at dei treng ei god rås for å kunne halde dei gamle sela på Setrevollen på Liadalssetra i stand. Sela er verna.

– Søknaden representerer folkeviljen her i bygda. Vi ser at det er viktig å satse på folkehelse og meiner at vi med dette prosjektet vil vere med på å legge til rette for mulegheit for fysisk aktivitet – for alle.