Ordførar Rune Hovde kommenterer seniorgode-dommen:

– Kommunen må byggje opp att omdømet

– No må Ørsta kommune byggje opp att omdømet sitt, seier ordførar Rune Hovde i ein kommentar til dommen der seniorane vann rettssaka mot Ørsta kommune.

Ordførar Rune Hovde gjer det klart at dommen i seniorsaka kanskje vil føre til kutt i tenestetilbodet i kommunen. 

Leiar i fagforbundet, Hild Våge, er glad for at kommunen tapte rettssaka. 

Nyheiter

Det er formannskapet som skal avgjere om dommen skal ankast eller ikkje. Personleg er ikkje ordføraren i tvil om at dommen ikkje bør ankast.

– Vi må få sett sluttstrek no. Vi strekte oss langt for å unngå å få saka i rettssystemet. Økonomien i dommen er om lag som forliksframlegget som vart godkjent av dei andre forbunda, seier Hovde som meiner denne rettssaka ikkje har nokon vinnarar.

I neste veke kjem ordføraren til å orientere formannskapet om dommen.

– Er ordføraren overraska over dommen?

Hadde von

– Vi hadde sjølvsagt vona vi skulle vinne fram då det var så mykje som tilsa at avtalane ikkje kunne halde fram. Vi trudde vi hadde fått gode og rette råd frå KS om at vi kunne seie opp avtalane.

– No må fattige Ørsta kommune ut med betydelege beløp. Korleis løyser de det?

– Økonomien i saka må vi kome tilbake til. Men det er klart at dommen får konsekvensar. Vi må kanskje kutte endå meir i tenester eller redusere på arbeidsplassar. Folk vil få merke at vi får ei ekstrautgift, seier Hovde som fredag ikkje hadde fått høve til å setje seg inn i dei økonomiske konsekvensane.

Gjeld ikkje nye

Ordføraren er nøgd med at det som har vore karakterisert som ei gullordning for seniorane, der ein kunne velje mellom å ha fri ein dag i veka eller å få 15.000 kroner ekstra i årsløn, berre gjeld dei som hadde ein slik avtale då kommunestyret valde å seie opp avtalane sist sommar.

– Ja, ordninga er no avvikla og gjeld ikkje nye, seier Rune Hovde.

– Gledeleg dom

– Dommen er gledeleg og er glad på medlemmene våre sine vegne.

Det seier leiaren i Fagforbundet i Ørsta, Hild Våge. Ho er for tida på reise og hadde ikkje sett dommen frå tingretten då Møre-Nytt fredag kontakta henne. Difor ynskte ikkje Våge å seie meir no.