Selde kaker for Operasjon dagsverk

Mange elevar var i sving med Operasjon dagsverk torsdag.

1. klassingane Guro Osborg Kvammen og Mathea Myrene Stokke på Volda vg. skule. 

Nyheiter

Elevar frå Volda vidaregåande skule var torsdag i sving med å tene pengar til Nepal gjennom Operasjon dagsverk.

Operasjon dagsverk er eit årleg prosjekt der skuleelevar skal tene pengar tilsvarande eit dagsverk. Pengane skal gå vidare til veldedige formål. Det er opp til elevane å finne seg eit dagsarbeid denne dagen.

Guro Osborg Kvammen og Mathea Myrene Stokke hadde stilt seg opp ved inngangen til Eurospar i Ørsta torsdag føremiddag for å selje kaffi, vaflar og sjokoladekaker til handlande.

Då Møre-Nytt snakka med jentene var det mange som støtta arbeidet deira og kjøpte kaker og vaflar. Planen var å stå der til ut på ettermiddagen.

– Det er bra at vi får gjere noko for andre som ikkje har det så bra. Og så er det inspirerande og vi får utfordre oss sjølv, sa Mathea.