Fredric mot stortingsplass

Stortinget vert etter alt å døme arbeidsplassen til Fredric Holen Bjørdal frå neste haust av.

Fredric Holen Bjørdal er nominert på andreplass på Møre og Romsdal Ap si stortingsliste. 

Nyheiter

Fredric Holen Bjørdal (22) vart samrøystes valt til andreplassen på Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal si nominasjonsliste laurdag. Dermed vil han mest truleg hamne på Stortinget etter valet.

Til stor jubel frå partikollegaene vart den unge ørstingen valt inn på det som synest å vere ein sikker plass under nominasjonsmøtet i Molde. Arbeidarpartiet har i dag tre representantar frå fylket på tinget, og tek sikte på å ha like mange i neste periode.

Fredric Holen Bjørdal tek nominasjonen som ei stor tillitserklæring. Han ser fram til å ta på seg vervet om Ap får røystene dei treng.

– Det vert eit altoppslukande arbeid med 70–80 timars veke, prestasjonskultur og høge forventningar. Det må eg berre prøve å leve opp til etter beste evne. Eg gler meg, seier han.

Fagleg ballast

Om Fredric Holen Bjørdal vert valt inn, vert han truleg den yngste representanten frå Møre og Romsdal som har fått plass på Stortinget. Men sjølv om han er ung, har han brukt tida godt på å skaffe seg røynsle både frå studiar og arbeidsliv.

– Eg har alltid sagt eg skal verte lege, og har gjort alt for å få det til og har det som skal til for å kome inn på medisinstudiet. I dag studerer eg til å verte psykolog, og eg har arbeidd mykje med utviklingshemma og psykiatri. Dette arbeidet har gitt meg utruleg mykje, seier Holen Bjørdal.

Han kjem likevel ikkje til å legge studiane heilt på hylla om han vert stortingspolitikar.

– Eg må slutte på psykologistudiet, men eg skal fullføre bachelorgraden i planlegging og administrasjon som eg held på med i Volda. Så har eg eitt år att på bachelor i psykologi, og har starta på masteremne i business-administration. Det er krevjande, men fleksible studie som gjer det muleg å studere ved sidan av, seier han.

– Eg vil ikkje verte ein politikar som ikkje kan noko anna enn å vere politikar. Heilt sidan tankane om Stortinget dukka opp, har eg vore bevisst på at eg skal gjere mest muleg før eg kjem dit. Ingen skal kunne ta meg på at eg ikkje har arbeidd eller studert.

Uvisst politisk fagfelt

Politisk sett er det utdanningspolitikk, arbeidspolitikk, arbeidsmiljølova og faglege rettar som ligg Fredric sitt hjarte nærast. Kva felt han skal arbeide med om han kjem til Oslo er uvisst og avhengig av kva komite han hamnar i.

– Dette veit eg ikkje enno, men eg får kome med ønskje. Eg er ikkje ein smalspektra, snever politikar og er ikkje i politikken på grunn av eitt bestemt saksfelt eller verdiområde. Eg har nokre tankar om samfunnsretninga, og er interessert i alle politiske fagfelt som kan dra samfunnet i den retning, seier han.

– Kva kjem du til å søkje deg til?

Ikkje kontrollkomiteen

– Eg tippar kjem til å ønskje meg inn i arbeids og sosialkomiteen. Men skal eg arbeide med barnevern må eg inn i familie og kultur. Og for å arbeide med skule må det verte kyrkje, utdanning og forsking. Vi får sjå kva det vert. Eg kjem til å verte veldig nøgd uansett kva eg hamnar i – bortsett frå kontrollkomiteen.

– Trur på attval

– Vil du spå litt om valresultatet?

– Målet er at Ap skal få tre representantar på tinget. Det er fullstendig realistisk. Då må vi opp på kring tretti prosent. Hovudmotstandaren vert Høgre. Dei er store, men det som er interessant i Møre og Romsdal er at Frp står seg godt sjølv om dei er på nedtur elles i landet. Då har vi både ein hovudmotstandar i Høgre og eit sterkt Frp. Men eg er overbevist om at Stoltenberg-regjeringa kan verte attvalt. Ikkje minst fordi Ap har ein tradisjon for å hente seg inn 6–7 prosentpoeng siste månaden før valet.