Demensprisen til Hjørundfjordheimen

Overraskinga og gleda var stor fredag, då Hjørundfjordheimen og hjelpepleiarane Ann-Helen Urkegjerde og Bodil Skare fekk demensprisen til Nasjonalforeningen for folkehelsen.

"Dalastova" på Hjørundheimen i Ørsta, med Ann-Helen Wille Urkegjerde og Bodil Skare i spissen, har fått "Demensprisen for 2012" frå Nasjonalforeningen for folkehelsen i Møre og Romsdal Frå v. Kari Ristesund fylkesleiar for Nasjonalforeningen for folkehelsen i Møre og Romsdal, Ann-Helen Wille Urkegjerde, Bodil Skare, og Kjellaug Århus ( som sende inn forslaget).  Foto: Ingvild Runde

Nyheiter

" Demensprisen 2012" gjekk i år til "Dalastova" og hjelpepleiarane Ann- Helen Urkegjerde og Bodil Skare.


På ei markering av den internasjonale demensdagen på Hjørundfjordheimen i Ørsta, vart hjelpepleiarane Ann-Helen Wille Urkegjerde og Bodil Skare overraska med Nasjonalforeningen for folkehelsen sin demenspris 2012.

Dette er ei utmerking som heng veldig høgt.

Fylkesleiar Kari Ristesund hadde dette å seie om kvifor utmerkinga gjekk til akkurat desse prisvinnarane:

-  Ann-Helen og Bodil  er personar som ikkje berre snakkar, men som handlar. Dei har fått med seg dei andre i personalet. Dei har varme hjarte og hender og dei brukar dei til å spreie glede rundt seg. Eg er stolt over å kunne dele ut prisen til dei, sa fylkesleiar Kari Ristesund.



Kjellaug Aarhus

Det var Kjellaug Aarhus som hadde sendt inn forslaget. I søknaden sin understrekar ho at det arbeidet som vert drive på "Dalastova" ved Hjørundfjordheimen fyller alle kriteria for å vinne ein pris.

Ho skriv: "Her er enkeltpersonar som er unike, ei gruppe pleiarar som gjer ein kjempeinnsats saman og ei eining i ein institusjon som viser seg å fungere svært godt. Kvardagsheltane finn ein her !!!".


Stor stas

- Kva synes de om å få denne prisen?

- Det er stor stas, men vi har ikkje gjort dette aleine. Vi har både dei andre tilsette og leiinga med oss. Tidlegare styrar Knut Åmås og avdelingsleiar Eldrid Øye har gitt oss frie tøyler. Ann-Helen legg til:

- Den største gleda ein kan ha er å gjere andre glad. Det å glede personar med demens gjer meg endå meir glad. Målet er å gjere kvardagen meiningsfull for kvar enkelt. Eg synes vi har vorte gode på det. Men vi er heldige som bur på ein liten stad der vi kjenner pasientane og veit kva dei likar å drive med.


Stove

Allereie i 2004 var personalet på kurs med Lise Næss frå Gerontologisk institutt i Bergen. For å sjå om dei kunne gjere noko for dei demente som var på same avdeling som somatiske pasientar. Dette besøket førte til at dei pussa opp ei tidlegare arbeidsstove til ei stove med kjøkkenkrok, der dei demente sjølv kunne ta del i matstell og oppvask. Dette vart gjort med innsamla pengar, dugnad og positivitet.


Aktivitet

To av pleiarane, Ann- Helen og Bodil tok etter dette utdanninga "Miljøterapi i demensomsorga" ved Høgskulen i Volda. Og fekk etter dette alle dei tilsette på Hjørundfjordheimen, inkludert vaktmeister og kokke, til å ta "Demensomsorgens ABC". Dei er den einaste sjukeheimen i Noreg som har fått til dette.

På Hjørundfjordheimen har dei også vore flinke til å ta dei demente med på gardsbesøk, hotell, dei eldre er med å hogge ved, plantar, matar fuglar, vaskar opp, stryk klede, og har eit aktivt liv.



Midlar

"Det står stor respekt av det dei har fått til. Ein ropar alltid på midlar og meir personale. Dette tilbodet viser at ein kan få til eit godt tilbod med dei midlane ein ha", skriv Kjellaug vidare i søknaden sin.

Avdelingsleiar Eldrid Øye syntes prisen var fortent. Ho  nytta sjansen til å seie dette til politikarane i Ørsta:

- Dette at vi får til så mykje her blir brukt mot oss. Det blir sagt at når vi reiser på gardsbesøk og andre stader, har vi for mykje personale. Men det at dei eldre med dement får vere ute kvar dag, så sant vêret tillet det, prioriterer vi høgt. Dei som styrer veit at vi har låge utgifter.

Leiar for studiet "Miljøeterapi i demensomsorga" ved Høgskulen i Volda Anne Sofie Egset, tidlegare styrar på Hjørundfjordheimen Knut Åmås  og avdelingsleiar Eldrid Øye, har vore viktige støttespelarar for Ann-Helen Wille Urkegjerde og Bodil Skare sitt arbeid for dei demente.  Foto: Ingvild Runde